Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Start ei biotek-bedrift

De har fått ein god idé og ønskjer å starte ei bedrift innan bioteknologi. Bedrifta skal presenterast på Biotech-konferansen, og de må derfor utarbeide ein forretningsplan.
Forskar pipetterer ein drope DNA på ei plate med fleire brønnar for analyse av genetisk informasjon. Illustrasjonsfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rettleiing til læraren

Oppgåva er berekna å ta cirka 15–20 undervisningstimar, gjerne fordelte over tre veker. Ho er godt eigna som tverrfagleg oppgåve i fellesfaga naturfag, norsk/engelsk og matematikk, men kan òg utvidast til å omfatte programfaga kunst, design og arkitektur eller medium og kommunikasjon.

Oppgåve

Tenk dykk at de skal starte ei bedrift innan bioteknologi. De vel sjølv kva produkt de ønskjer å arbeide med, men det skal vere eit produkt som er nyskapande, og som samfunnet kan ha nytte av. Lag ein forretningsplan, og presenter bedrifta på Biotech-konferansen.

Del 1. Idémyldring og produktutvikling

  1. Bruk først fem minutt individuelt til å skrive ned tankar og idear om kva for eit bioteknologisk produkt du ville ha laga.
    • Korleis vil du ha gått fram for å lage det?
    • Korleis kan du få tak i spennande gen du kan bruke for å utvikle produktet?
    • Kva bioteknologiske metodar er det formålstenleg å bruke?
    • Kva problem trur du at de vil støyte på?
    • Vil det vere etiske utfordringar òg?
  2. Gå saman i grupper på tre–fire elevar, og diskuter idear. Samarbeid om å utvikle ein felles idé for bedrifta. Det er viktig at de vel noko de interesserer dykk for.
  3. Når de har ein felles idé, må de leggje ein plan for korleis de kan utvikle produktet. Jobb vidare i gruppa med dei fem kulepunkta over.

Døme på kva bioteknologiske produkt kan vere:

  • genmodifiserte plantar med endra næringsinnhald, auka haldbarheit eller auka motstandskraft
  • nye medisinar eller vaksinar
  • ulike reingjeringsmiddel
  • enzym som kan reinse, rydde opp eller bryte ned avfall
  • gendrivarar for å utrydde sjukdommar eller skadedyr
  • diagnostiske testar
  • genmodifiserte dyr til matproduksjon eller som organdonorar

Filmane om biobankar og bioteknologisk industri frå Bioteknologiskolen kan vere nyttige hjelpemiddel for å kome i gang.

Del 2. Forretningsplan

Lag ein forretningsplan. Forretningsplanen er ein gjennomgang av dei ulike sidene ved ideen og beskriv korleis de har tenkt å setje han ut i livet. Denne planen vil hjelpe dykk i prosessen fram til etablering av bedrifta.

Ein god forretningsplan bør innehalde desse elementa:

  • Ei beskriving av forretningsideen dykkar. Kva er det bedrifta skal tilby, og til kven?
  • Ein analyse av marknaden. Kven er aktuelle kundegrupper? Har de konkurrentar som driv med det same? Korleis skil bedrifta dykkar seg frå konkurrentane?
  • Lag eit namn og ein logo til bedrifta, slik at kundane kjenner ho igjen. Korleis skal de marknadsføre dykk?
  • Økonomi og budsjett. Kor mykje pengar treng de for å starte opp og etablere dykk i marknaden? Set opp eit budsjett.

Del 3. Presentasjon og pitch

De skal presentere bedrifta dykkar på Biotech-konferansen. Det er ein stor konferanse der folk frå heile bioteknologi-industrien møtest. Her møter de forskarar, investorar og andre bedrifter som kan vere interesserte i bedrifta dykkar.

De skal presentere bedrifta dykkar på ein stand, men får òg ti minutt til å selje inn bedrifta gjennom ein bedriftspresentasjon.

Når du skal presentere ein idé på ein kortfatta måte og få han til å verke fordelaktig for kunden, kallar vi det å «pitche». Det kan vere lurt å lære seg nokre knep før konferansen. Ta gjerne ein titt på denne artikkelen om pitching.

Biotech-konferansen

Gjennomfør Biotech-konferansen som eit rollespel i klassen eller på skulen. Kvar gruppe har ein eigen stand der dei presenterer bedrifta si. Inviter gjerne andre klassar, slik at dei kan vere aktive deltakarar på konferansen.

Bruk gjerne eit evalueringsskjema der deltakarane på konferansen kan notere kvifor, eller kvifor ikkje, dei har tru på dei ulike bedriftene som blir presenterte.

Masse menneske som står i eit stort lokale. Foto.

Del 4. Eigenvurdering

Skriv ei eigenvurdering:

  • Beskriv korleis det har vore å jobbe med denne oppgåva.
  • Viss du skulle ha gjennomført prosjektet på nytt, kva ville du ha gjort annleis?
  • Reflekterer over tilbakemeldingane gruppa di har fått. Korleis var det å få evaluering frå medelevar?

Relatert innhald

Over heila verda blir det tatt enorme mengder biologiske prøvar, som blir lagra i store biobankar. Dei kan vere ein gullreserve for kommande generasjonar.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø og Clemens Saers.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2021

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis