Hopp til innhald

Fagstoff

Stamceller er kjelda til fornying

Snart kan vi dyrke nye organ og byte ut sjuke celler ved hjelp av stamceller. Forsking og forsøk på dette er allereie i gang. Stamcellene sørgjer for å fornye oss heile tida og ser ut til å ha evig liv. Dei er lette å dyrke og gir enorme moglegheiter, men blir metodane trygge nok?
Stamceller kan utvikle seg til alle celletypar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er stamceller?

Plansje med stamceller som blir meir spesialiserte etter fleire delingar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvart sekund døyr fleire tusen celler i kroppen, men i ein frisk kropp blir dei straks erstatta med nye celler. Det er stamcellene som produserer alle dei nye spesialiserte kroppscellene, til dømes muskel-, blod-, hud-, tarm- og nerveceller. Stamcellene blir òg omtalte som umodne celler, sidan dei ikkje er spesialiserte.

Cellene i eit embryo på 8-cellestadiet er totipotente og har same utviklingsevne som ei befrukta eggcelle. Når cellene i embryoet deler seg vidare, mister dei evna til å danne morkake. Men dei kan framleis danne alle andre typar celler og blir derfor kalla pluripotente.

Etter kvart som delinga held fram, blir cellene meir spesialiserte, og dei blir til multipotente stamceller.
Det er slike stamceller fødde menneske har i alle organ. Vi har forholdsvis få stamceller, men det er desse som sørgjer for å fornye oss heile tida.

I tillegg til å lage nye celler kan stamcellene òg kopiere seg sjølv og danne nye identiske stamceller. Dei ser ut til å ha «evig liv».

Forsking på stamceller

I kvart einaste organ i kroppen har vi stamceller som sørgjer for at det stadig blir laga nye celler som erstattar slitne og gamle celler. Forskarar jobbar med stamceller i håp om å kunne bruke dei til å reparere skadar og stoppe sjukdommar i hjerne, hjarte og andre organ, mellom anna Parkinsons sjukdom, Alzheimers sjukdom, hjarteinfarkt, slag, diabetes og revmatisme.

Menneskehjarte i glas med lokk. Illustrasjon.

No er stamcellebehandling (beinmergstransplantasjon) ein viktig del av behandlinga ved fleire kreftformer, medfødd immunsvikt og enkelte andre sjukdommar. Ein har òg klart å produsere ny hud til transplantasjon ved å bruke stamceller frå pasienten. Stamcelleforskarar jobbar mellom anna med metodar for å «dyrke» og erstatte skada vev, og kanskje byggje opp nye organ.

Kan stamcelleforskinga kome så langt at det blir mogleg å dyrke nye organ for transplantasjon, eller framstille nye organ ved hjelp av omprogrammerte humane celler og ein 3D-skrivar?

Ein 3D-skrivar med tynn nål byggjer med celler. Foto.

Førebels blir det drive mest med grunnforsking. Det inneber at forskarane jobbar med å forstå korleis stamcellene fungerer, og for å finne måtar å kontrollere celledeling på.
Bruksretta forsking går ut på å finne metodar som kan brukast i medisin eller industri.

Skyhøge forventningar, førebels ikkje noko gjennombrot

Eit tynt sjikt med menneskeceller som veks på eit næringsmedium. Foto.

Stamceller blei identifiserte i 1998, og nyheita om at desse kunne omprogrammerast til alle typar celler, fekk mykje merksemd. Det auka tilgangen til stamceller for forskinga betrakteleg.

Dette skapte store forventningar om ein medisinsk revolusjon og skreddarsydde behandlingar, men det store gjennombrotet lèt vente på seg.

Det er ofte langt mellom forsking og behandling av pasientar, sjølv om det er gjort fleire vellykka forsøk med transplantasjonar og ulike behandlingar.

Stamceller – nye moglegheiter

Ein liten gut sit på ei seng og bit på ei leke mens han får tilført stamceller via ein slange. Foto.

Det skjer mykje nytt som gir håp om trygge behandlingsmetodar:

  • Det blir dyrka miniorgan for å studere sjukdommar og teste ut medisinar.
  • Nye behandlingsformer mot sjukdommar som kreft og nervesjukdommane og blir testa på omprogrammerte celler.
  • Organ blir framstilte ved hjelp av 3D-skrivarar.
  • Hudceller blir gjorde om til stamceller – såkalla – ved å aktivere og deaktivere gen.
  • Ein kan gjere terapeutisk kloning ved å dyrke vev av pasienten sine eigne stamceller (iPS-celler).
  • Ein kan lage egg- og sædceller i laboratoriet.
  • Det går an å opprette ein stamcellebank med kjende vevstypar for å unngå avstøyting hos mottakaren ved transplantasjon.
  • Kloning: Det mest oppsiktsvekkjande er kanskje at nokre forskarar hevdar å ha funne pluripotente stamceller i kroppsvev, og at dei kan bli totipotente ved stress. Det vil seie at dei kan gi opphav til eit heilt individ som er identisk med det cella kom frå. Forskarane bak prosjektet understrekar at målet ikkje er å klone menneske, men å danne vev som kan brukast i forsking og behandling. Ingen har klart å attskape forsøket.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2021

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis