Oppdrag: Finn erstatningar for oasis
Oppdrag
Du jobbar i blomsterbutikken Berekraftige blomstrar. Dagleg leiar av butikken, Timian Busk, har lenge hatt dårleg samvit for det store forbruket av planteskum i butikken. Det passar ikkje heilt inn i visjonen til butikken: «Vi vil tilby berekraftige blomstrar til alle i nærmiljøet!»
Du er nyutdanna blomsterdekoratør og har nettopp blitt tilsett i butikken. Då Timian gjekk på skulen, var det ikkje så mykje snakk om berekraft og sånt, og han er veldig interessert i å høyre kva du kan bidra med.
Eg vil at du skal undersøkje ulike stoff og materiale, og foreslå noko som vi kan bruke i staden for all den oasisen vi bruker i butikken, seier Timian ein dag.
Det er veldig viktig for meg at det nye materialet er miljøvennleg og berekraftig. Og så må det jo vere godt å bruke til å lage dekorasjonar og oppsatsar òg. Og det må ikkje vere for dyrt …
Du synest dette høyrest spennande ut, tek imot utfordringa og går i gang. Timian har laga ei liste med det han vil ha svar på:
Berekraftig stikkmasse
- Kva meiner vi med stikkmasse?
- Kva eigenskapar bør stikkmasse ha?
- Kva stoff eller materiale kan eigne seg til stikkmasse?
Ta utgangspunkt i nokre av stoffa frå oppgåve 3 og legg ein plan for korleis du kan undersøkje
- kva eigenskapar ein stikkmasse må ha
- kor nedbrytbart materialet er
- om det kan brukast om att eller attvinnast
- kva det kostar
- kor lett det er å få tak i
- Gjennomfør undersøkingane, og systematiser det du finn ut.
- Lag ei oversikt over dei ulike materiala. Få fram fordeler og ulemper ved materiala.
- Førebu ein kort presentasjon eller pitch der du sel inn forslaget ditt. Foreslå eit materiale som kan inngå som eit erstatningsprodukt for vanleg blomsterskum.