Syrer og basar
Kva er syrer og basar?
Tidlegare blei stoff klassifiserte som syrer viss dei smakte surt. Stoff som kunne fjerne den sure smaken, var basar. I dag er det vanleg å skilje mellom syrer og basar ut frå korleis dei oppfører seg på molekylnivå:
Ei syre er eit stoff som kan gi frå seg H+.
Ein base er eit stoff som kan ta imot H+.
Syrer
Mange syrer er vanlege i naturen og viktige i mange prosessar i kroppen. Syrer blir òg mykje brukte i kosmetikk og matvarer, men då blir syrene vanlegvis framstilte industrielt.
Syrer som stammar frå organisk materiale, blir kalla organiske syrer. Felles for desse er at dei inneheld karbon. Sitronsyre og eplesyre er vanlege i frukt og bær. Eddiksyre blir danna når eddiksyrebakteriar bryt ned etanol, og mjølkesyre blir danna mellom anna når mjølkesyrebakteriar bryt ned mjølkesukker i yoghurt og surmjølk.
Basar
Til liks med syrer har basar mange ulike bruksområde, men basane smaker bittert og er ikkje så vanlege i matvarer. Basar blir ofte brukte i reingjeringsmiddel, fordi dei hjelper til med å løyse opp feittstoff, karbohydrat og protein.
Basar kjennest glatte og såpeaktige viss du får dei på handa. Basane spaltar protein i huda, og det skjer ein forsåpingsprosess (sjå ramme).
Baser i kroppen vår
Blodet vårt er svakt basisk. I blodet finst det stoff som reagerer med sure H+-ion som blir danna ved ulike prosessar i kroppen, og nøytraliserer dei. Slik kan pH-en i blodet haldast stabil.
Laktat er ein base som blir danna i musklane våre viss tilførselen av oksygen ikkje er stor nok. Dersom laktat tek seg til H+, får vi mjølkesyre.
Laktat og mjølkesyre
Omgrepa laktat og mjølkesyre blir ofte brukte om kvarandre, men dette er to ulike kjemiske samband. Mjølkesyre er ei syre, mens laktat er den basen som blir danna når mjølkesyre gir frå seg eit hydrogenion/proton:
Laktat blir danna i cellene både når det er nok oksygen til stades, og når det ikkje er det, men det blir danna mest når musklane har liten tilgang på oksygen (anaerobe forhold).
Syrer og basar nøytraliserer kvarandre
Sidan syrer gir frå seg H+-ion og basar tek imot H+-ion, vil syrer og basar motverke effekten av kvarandre. H+-ion som eit syremolekyl gir frå seg, kan takast opp av eit basemolekyl.
Organiske syrer
Viss du lèt ei flaske raudvin stå framme utan kork, vil det etter kvart oppstå ei sur lukt. Bakteriar dannar etanol i raudvinen om til eddiksyre (etansyre) ved hjelp av oksygen frå lufta.
Eddiksyre (CH3COOH) og alle andre organiske syrer har ei karboksylgruppe (–COOH). Ein syre-base-reaksjon kan føre til at denne gruppa gir frå seg H+ på same måte som H+ i andre syrer.