Kastar du mat?
Kastar du mat som har gått ut på dato utan å sjekke han først? Både som fagarbeidar og privatperson er det viktig å tenkje gjennom kva du kastar, og korleis du kan redusere mengda matavfall. I denne oppgåva kan du auke forståinga di for merking av mat og handtering av matrestar.
![Bøtte med matavfall sett ovanfrå. Foto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/554954575.jpg?width=1024)
Det kan hende arbeidsplassen din har andre reglar og rutinar enn det du har heime. Det beste er å ha eit så godt system på innkjøp, oppbevaring og rutinar at det ikkje er naudsynt å kaste mat. Du skal bidra til at arbeidsstaden din utnyttar matvarene på ein god måte før dei går ut på dato, og dermed redusere matsvinnet.
Oppgåver
- Gå inn på nettsida til Mattilsynet om haldbarheitsmerking av matvarer og gjer deg kjent med innhaldet der. Bruk døme til å forklare forskjellen på best før og siste forbruksdag.
- Kva blir meint med "best før, men ofte god etter"?
- Kva matvarer kan du bruke etter at datostemplinga er passert?
- Kva kan du bruke desse matvarene til?
- Sjekk haldbarheitsdato på maten i eit kjøleskap anten heime eller i praksis.
- Noter ned produkt og datostempling.
- Kva for nokre av desse produkta trur du må kastast når haldbarheitsdatoen er passert?
- Dra i ein butikk og sjekk datostempling på ti ulike matvarer.
- Kva produkt har lang haldbarheitsdato?
- Finn du varer som har gått ut på dato? Kva varer er det, og kva gjer du med det?
- Kva gjer butikken for å unngå matsvinn?
- Kva rutinar har du når det gjeld handtering av matrestar heime hos deg?
Kva rutinar er det på praksisplassen din når det gjeld handtering av matvarer
- på tørrvarelageret?
- i kjøleskapet?
- i frysaren?
- Korleis skal matavfall kastast
- der du bur?
- der du har vore i praksis?
- Korleis går handteringa av matavfall føre seg i kommunen din?
Lag ein plan for eige kjøleskap heime når det gjeld reglar for å opne nye produkt.
- Kor mykje pålegg, mjølk, kjøtdeig, yoghurt og frukt er det i kjøleskapet ditt?
- Kva reglar ville du laga for deg sjølv eller dei du bur saman med?
Relatert innhald
Nettside hos mattilsynet.no
Nettside hos matvett.no
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020