Parsjekk
Metoden parsjekk gir elevane trening i å forklare munnleg for kvarandre og eignar seg godt både som introduksjon til eit nytt emne, for å aktivere forkunnskapar og til repetisjon.
Elevane jobbar i par.
Læraren har gjort klar ark med oppgåver.
Elevane løyser annakvar oppgåve på arket. Elev A gjer oppgåve 1 og forklarer for elev B. Deretter gjer elev B oppgåve 2 og forklarer for elev A.
Når det er ei oppgåve ein ikkje klarer, hjelper ein kvarandre eller bruker andre kjelder.
Etter ei viss tid, kanskje 15 minutt, kan de ta ein felles gjennomgang i klassen.
Parsjekk eignar seg godt til oppstart av ei økt, og då kan ein gjerne bruke oppgåver om det ein jobba med førre økt.
Du kan bruke døma under som utgangspunkt når du skal lage parsjekk som passar til det de jobbar med.