Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Siri søkjer jobb som vektar

Securitas søkjer ein vektar som skal arbeide på eit kjøpesenter. Siri har vore sikkerheitslærling og nettopp teke fagbrev. No søkjer ho på Securitas-jobben. Har ho dei rette kvalifikasjonane? Filmen viser rekrutteringsprosessen, sett frå synsvinkelen til både arbeidsgivaren og arbeidssøkjaren.

Oppgåvene til filmen eignar seg som individuell innlevering eller heimearbeid.

  1. Jobbanalyse. Beskriv rekrutteringsbehovet til Frank Nesvold. Kvifor treng han fleire vektarar, og kva slags kompetanse må dei ha?

  2. Utlysing. Kva for nokre digitale jobbportalar blir nemnde av Tom Andersen frå Securitas i filmen? Har du erfaring med nokon av dei?

  3. Utveljing. Securitas har nokre tips til kva ein søknad bør innehalde. Kva er tipsa?

  4. Kva er eit speed-intervju i forhold til eit djupneintervju?

  5. Tilsetjing. Korleis vil du beskrive Siri sin prestasjon under djupneintervjuet? Kvifor trur du Siri fekk jobben?
  6. Kva tips gir Siri til deg som jobbsøkjar?
  7. Introduksjon. Securitas og varehuset vil gi Siri ein god start på jobben. Korleis burde dei gjere det?
CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2021

Læringsressursar

Yrke innan service, sikkerheit og administrasjon