Hopp til innhald

Fagstoff

Yrkesportrett: vektar

Jane Yndestad er 23 år, har fagbrev i sikkerheitsfaget og jobbar som områdeleiar for Securitas på Bergen hamn.
Uniformert kvinneleg vektar med refleksvest og synleg ID-skilt. Ser halvt smilande ut over ein kai med fleire skip i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skule og praksis

På vidaregåande skule gjekk Janne Vg1 service og samferdsel, som no heiter sal, service og reiseliv. Deretter tok ho Vg2 sal, service og sikkerheit, som svarer til dagens sikkerheit og administrasjon. Ho hadde praksisplass hos Peppes Pizza og Alvøparken Selskapsservice.

– Eg var først hos Peppes Pizza. Der var eg det første halvåret. Resten av praksistida mi var eg hos Alvøparken Selskapsservice. Her bidrog eg for det meste med servering, men eg var òg på kjøkkenet ved behov.

Læretid og fagprøve

Læretida tok ho som vektar.

– Eg var lærling hos Securitas AS, der eg tok fagbrev i sikkerheitsfaget. Undervisninga på vidaregåande la mykje av grunnlaget, og eg fekk meir forståing i praksis, seier Jane.

Etter at opplæringa i bedrift er unnagjort, tek lærlingar fagprøve. Med fagbrev får du tittelen fagarbeidar.

– Fagprøva blir basert på kompetansemåla for Vg3, som er det som blir kravd av deg i sikkerheitsfaget. Eg blei testa i både teoretiske og praktiske oppgåver.

Ung kvinneleg vektar som går i eit hamneområde. Bak henne ser vi industribygg, konteinarar og ein truck. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

– Læretida mi var innhaldsrik, lærerik og spennande. Eg var òg heldig med at det var ein kjekk arbeidsplass, seier Jane.

Jane syntest overgangen frå skulebenken til arbeidslivet var stor, men følte at ho kom raskt inn i det.

– Eg blei teken godt imot av Securitas. Totalopplevinga mi av læretida mi er veldig god. Eg har funne ein jobb eg trivst i, og eg har fått venner for livet, seier ho.

Støtte frå opplæringskontoret

– Ein representant frå opplæringskontoret møtte oss eit par gonger for å prate. Inntrykket mitt er at opplæringskontoret er ei god støtte og ser til at bedrifta gir lærlingar relevante arbeidsoppgåver.

Opplæringskontora er eit samarbeid mellom bedrifter og verksemder om inntak og opplæring av lærlingar. Dei hjelper medlemsbedriftene sine med det praktiske rundt lærlingordninga.

Viktige eigenskapar i yrket

Jane meiner det er fleire viktige eigenskapar ein treng som fagarbeidar i yrket hennar, slik som å vere serviceinnstilt, hjelpsam og påliteleg.

– Og med eit smil om munnen kan mykje vere løyst, legg ho til.

Uniformert vektar står på ein kai med ryggen til kameraet, vend mot eit hurtigruteskip som ligg til kai. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Varierte oppgåver

Som vektar i Securitas, og med tittelen områdeleiar, er Jane stort sett på eit objekt og jobbar i felten saman med dei andre tilsette på objektet. Utanom dette er ho med i kundemøte og andre jobbmøte. I tillegg har Jane mykje av ansvaret for at alt går rundt, og ikkje minst at alt går bra på objektet.

Nokre av ansvarsoppgåvene hennar er å sjå til at arbeidsplan, instruksar og opplæringsplanar er på plass og i orden.

– Det beste med å jobbe som vektar er at dagane aldri er like. Variasjon, gode kollegaer og ein fantastisk arbeidsplass er kvardagen min. Eg har ansvar for at vi leverer den tenesta kunden har leigd oss inn til å gjere. Utanom dette har eg mykje ansvar for resten av dei tilsette på objektet, og for at dei er trygge i jobben sin og trivst på arbeidsplassen, fortel Jane.

– Eg trivst utruleg godt i jobben min, og det har eg gjort frå dag éin. For meg er godt miljø, gode kollegaer og tryggleik viktig.

Til andre som ønskjer å jobbe som vektar, har ho dette rådet:

– Vis interesse og ver imøtekomande. Still spørsmål undervegs, og gi eit godt inntrykk som set spor. Og som eg alt har nemnt, kjem du langt med eit smil om munnen, avsluttar Jane.

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2021

Læringsressursar

Yrke innan service, sikkerheit og administrasjon