Hopp til innhald
Oppgåve

Mål pH

Øv på å måle pH i nokre kjende løysningar. Kva pH har dei?

Simulering av pH-måling

Simuleringa er ei visuell øving og fungerer ikkje med tastaturnavigasjon eller skjermlesar. Kva kan du om syrer og basar no?

Bruk simuleringa til å bli kjend med pH-verdien til nokre stoff.

  1. Vel stoff i rullegardinmenyen.

  2. Trykk på og hald inne den raude knappen på dropeteljaren for å fylle opp behaldaren.

  3. Bruk den øvste krana for å tilsetje vatn. Bruk den nedste krana for å tappe løysing frå behaldaren.

Oppgåve 1. pH-verdien til nokre vanlege stoff

Bruk simuleringa over til å måle pH-verdien til ulike stoff. Dra og slepp stoffet til rett stad på pH-skalaen.

Oppgåve 2

  1. Vel eit stoff og fyll opp behaldaren.

  2. Mål pH.

  3. Kva trur du skjer med pH-verdien viss du tilset vatn?

  4. Kva trur du skjer med pH-verdien viss du tappar ut litt av løysninga med krana ved botnen av behaldaren?

  5. Prøv deg fram og prøv å lage løysningar som har pH = 6 på ulike måtar. Er det mogleg å lage ei slik løysning ved å bruke handsåpe? Forklar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2022