Kunnskap om hygiene og smittevern er viktig for å hindre spreiing av smittsame sjukdommar i befolkninga. Som fagarbeidar må du følgje hygieniske retningslinjer og rettleie brukarar av helse- og oppveksttenester om tiltak for å bryte smittekjeda og hindre smittespreiing.
Lag ein film eller ei anna form for digital presentasjon som skal delast med resten av klassen. De vel sjølv presentasjonsform.
Oppgåve 1: Smittekjeda
- Fortel om dei ulike ledda i smittekjeda og korleis dei heng saman.
- Korleis går smittespreiinga føre seg?
- Kva skjer viss kjeda blir broten, og kva skjer viss ho ikkje blir broten?
- Kva skjer dersom mange i ei befolkning vel å ikkje vaksinere seg eller unngår å følgje hygieniske retningslinjer?
Oppgåve 2: Smittestoff
- Gjer greie for alle dei ulike mikroorganismane (smittestoffa) som framkallar sjukdom. Bruk døme for å forklare.
- Forklar omgrepet resistens og kva konsekvensane er av resistensutvikling.
Oppgåve 3: Førebygging av smitte
Korleis førebyggjer vi dei ulike formene for smitte?
- Kontaktsmitte
- Luft- og dropesmitte
- Blod- og vevssmitte
- Smitte frå tarm til munn
- Smitte frå mat og vatn
- Mor til barn-smitte
Oppgåve 4: Handhygiene
- Demonstrer korrekte prosedyrar for handvask og handdesinfeksjon.
- Når skal vi velje handvask, og når skal vi velje desinfeksjon?
- Til kva arbeidsoppgåver skal du bruke eingongshanskar, og kvifor?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2022