Hopp til innhald

Fagstoff

Oppvekstsektoren

Eit mål for samfunnet er å sikre alle barn og unge likeverdige tilbod og utviklingsmogelegheiter, uavhengig av sosial bakgrunn og kvar i landet dei bur. Ansvaret for oppvekstsektoren er delt mellom staten, fylkeskommunane og kommunane.
To glade jenter på ei stor huske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppvekstsektoren

Det er foreldra som har hovudansvaret for sine eigne barn. Samtidig er det å skape gode rammer for oppveksten og utviklinga til barn og unge ei av dei viktigaste oppgåvene i samfunnet. I Noreg har vi ulike institusjonar som gir omsorg, tilsyn og opplæring av barn og unge. Desse høyrer til oppvekstsektoren.

Barnehage og skule er sentrale institusjonar i oppvekstmiljøet til barn. I samarbeid med foreldra skal dei bidra til å utvikle sjølvkjensla og eigenverdet til barn og unge, slik at dei meistrar utfordringane og problema til kvardagen. Dei skal sørge for at barn og unge får ein trygg og god oppvekst og fremme læring og danning som grunnlag for ei allsidig utvikling. Målet er at barn og unge får kunnskapar og evner dei treng til seinare utdanning og deltaking i samfunnslivet.

Stortinget og regjeringa gjer vedtak om lover og forskrifter, mens Kunnskapsdepartementet (KD) skal sørge for at dei politiske vedtaka blir sette i verk.

Kunnskapsdepartementet (KD)

Det er staten ved Kunnskapsdepartementet som har ansvar for barnehage, grunnskule, kulturskule, vidaregåande opplæring, fagskuleutdanning, høgare utdanning, forsking, læring for vaksne og kompetansepolitikk. Dei utarbeider læreplanar for grunnskulen og vidaregåande skule og rammeplan for barnehage og skulefritidsordningar. Kunnskapsdepartementets blir leidd av to statsrådar: kunnskapsministeren og forskings- og høgare utdanningsministeren.

Utdanningsdirektoratet (Udir)

Utdanningsdirektoratet er eit direktorat under Kunnskapsdepartementet. Dei skal sikre at norsk utdanningspolitikk blir sett i verk slik at retten barn, unge og vaksne har til eit likeverdig tilbod i barnehage, skule og opplæring blir vareteken.

Udir har ansvar for

  • det overordna nasjonale tilsynsarbeidet og for tilsynet med dei private skulane

  • å forvalte og tolke lovverket som gjeld for barnehagar og skular i Noreg

  • å utvikle læreplanar for skulen og rammeplan for barnehagen

  • å utvikle kunnskapen om barnehagesektoren og skulesektoren

  • å utarbeide eksamenar og nasjonale prøvar, kartleggingsprøvar og læringsstøttande prøvar for norsk grunnskule og vidaregåande opplæring

Direktoratet tilbyr òg kompetanseutvikling, rettleiing, verktøy og støttemateriell til sektorane.

Ansvaret i oppvekstsektoren

Ansvaret i oppvekstsektoren er fordelt mellom stat, fylkeskommune og kommune.

Staten har ansvaret for

  • høgskular

  • universitet

Fylkeskommunen har ansvaret for

  • vidaregåande opplæring

  • vaksenopplæring

  • PP-tenester i fylkeskommunen

Kommunen har ansvaret for

  • barnehage

  • grunnskule

  • skulefritidsordningar

  • spesialundervisning

  • PP-tenester i kommunen

  • kultur og idrettsaktivitetar, og han kan legge til rette for fritidsaktivitetar og drive fritidsklubb for barn og unge

Kommunane har òg ansvaret for barnevernet. Barnevernet skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg. Barnevernet støttar og hjelper foreldre som har behov for hjelp i kortare eller lengre periodar. Dei tilbyr foreldrerettleiing og andre familie- og nærmiljøbaserte tiltak og metodar for å hjelpe barn og ungdom. Barnevernet ligg under Barne- og familiedepartementet (BFD).

PP-tenesta

Både kommunen og fylkeskommunen har PP-teneste (pedagogisk-psykologisk teneste). Dei hjelper barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging. Hensikta med denne hjelpa er at alle barn og unge får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

Utfordringar til deg

  1. Kven har rett til barnehageplass?

  2. Kva betyr det at barn og unge har plikt til grunnskuleopplæring og rett til ei offentleg grunnskuleopplæring?

  3. Kva oppveksttilbod finst i kommunen din?

Kjelder

Regjeringa. (u.å.). Barnevernet. Henta 19. februar 2023 frå https://www.regjeringen.no/no/tema/familie-og-barn/barnevern/id1058/

Regjeringa. (u.å.). Kunnskapsdepartementet. Henta 19. februar 2023 frå https://www.regjeringen.no/no/dep/kd/id586/

Regjeringa. (u.å). Utdanningsdirektoratet. Henta 19. februar 2023 frå https://www.regjeringen.no/no/dep/kd/org/etater-og-virksomheter/underliggende-etater/utdanningsdirektoratet/id426533/

Utdanningsdirektoratet. (2020, 7. juni). PP-tenesta (PPT). https://www.udir.no/laring-og-trivsel/spesialpedagogikk/pp-tjenesten/

CC BY-NC-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2023

Læringsressursar

Oppbygging av tenestene