Hopp til innhald

Fagstoff

Statlege helsetenester

Staten har ansvaret for helsepolitikken og for den overordna organiseringa av helsesektoren, i tillegg til direkte ansvar for delar av tenestetilbodet. Helsetilsynet fører tilsyn med alle helsetenestene i heile landet.
Ein sjukepleiar held eit brett med mat ved sida av ei sengeliggande kvinne på eit einerom på sjukehus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spesialiserte tenester

Spesialisthelsetenesta gir behandling og undersøking som ikkje kan gjerast på legekontoret, og ho kan delast inn i tre tenesteområde. Det somatiske området omfattar sjukehus, legespesialistar, laboratorie- og røntgenverksemd, opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonar og nokre mindre institusjonar. Behandlinga mot somatiske (kroppslege) plager blir gitt anten ved innlegging eller poliklinisk (utan innlegging).

Psykisk helsevern omfattar først og fremst behandlingstilbod for pasientar med psykiske lidingar i distriktspsykiatriske senter. Men ein kan òg få behandling i sjukehusavdelingar og i psykiatriske sjukehus og dessutan hos privatpraktiserande spesialistar.

Behandlingstilbodet til rusmiddelmisbrukarar blir hovudsakleg gitt i private institusjonar der det offentlege betaler kostnadene. Tilvising av pasientar med rusproblem til tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelmisbruk kan komme frå sosialtenesta, barnevernet, legar eller anna helsepersonell.

Regionale helseføretak

Staten har delt dette ansvaret geografisk i fire regionale helseføretak (RHF):

  • Helse nord RHF
  • Helse Midt-Noreg RHF
  • Helse vest RHF
  • Helse sør-aust RHF

Dei regionale helseføretaka er eigde av staten ved Helse- og omsorgsdepartementet.

Sjukehusa

Sjukehusa i Noreg høyrer til den delen av helsetenesta som blir kalla spesialisthelsetenesta. Sjukehusdrifta er regulert gjennom spesialisthelsetenestelova, helsepersonellova og helseføretaklova. Dei offentlege sjukehusa er organiserte i ulike helseføretak som blir styrte av dei fire regionale helseføretaka. Det finst òg nokre få private sjukehus, og dei fleste samarbeider med staten.

Tidlegare var det vanlegare å skilje mellom somatiske sjukehus, som hovudsakleg behandlar kroppslege sjukdommar, og psykiatriske sjukehus, som behandlar psykiske lidingar. I dag inngår psykiatriske avdelingar ofte som ein del av det totale sjukehustilbodet.

Funksjonen til sjukehusa

Sjukehusa tilbyr befolkninga spesiell behandling og undersøking som ikkje kan gjerast på legekontoret. Folk oppsøker vanlegvis sjukehuset fordi dei har vorte viste dit av fastlegen. På sjukehuset får pasientane utgreiing av plaga eller sjukdommen sin og vidare medisinsk oppfølging og behandling. Dei som treng det, får opphald og omsorg på sjukehuset. Menneske som har behov for medisinsk nødhjelp, kjem til akuttmottaket med ambulanse. Sjukehusa driv òg med forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.

Organisasjon

Eit sjukehus er ein stor institusjon som blir organisert i administrative avdelingar eller stabseiningar som tek seg av administrasjon, økonomi og media, og i klinikkar med medisinske oppgåver. Kvar avdeling og klinikk har ein ansvarleg leiar. Klinikkane blir delte inn etter medisinske fagområde (øre-nase-hals, kirurgi, akuttmedisin) og består av underliggande avdelingar og einingar. Fødeavdelinga og gynekologisk avdeling finn du til dømes under kvinneklinikken. Nokre avdelingar har eigne sengepostar der pasientar blir tekne imot til døgnopphald med innlegging. Andre har poliklinikkar, som i motsetning til sengepostar behandlar pasientane utan å legge dei inn. Det er vanleg at sjukehusavdelingane har begge delar.

Arbeidsfordeling

På sjukehuset arbeider helsesekretærar, helsefagarbeidarar, legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, radiografar, bioingeniørar, psykologar, portørar og anna helsepersonell. På grunn av den omfattande og kompliserte strukturen og oppbygninga til institusjonen er det heller ikkje uvanleg med økonomar, ingeniørar og informasjonsarbeidarar blant dei tilsette. Den døgnkontinuerlege drifta av sjukehuset avheng av at mange ulike yrke og einingar arbeider godt saman. Helsesekretærar tek imot og registrerer pasienten, sjukepleiaren sørger for pleie, legen diagnostiserer og behandlar, mens bioingeniøren til dømes finn svar på blodprøver på sjukehuslaboratoriet. Reinhaldspersonell sørger for at hygienen på sjukehuset blir vareteken, mens portørane transporterer pasienten til og frå ulike avdelingar.

Psykiatriske sjukehus

Psykiatriske sjukehus og psykiatriske avdelingar spesialiserer seg på psykiske lidingar og høyrer til spesialisthelsetenesta. Her kan pasientar med behov for psykisk hjelp få undersøking, behandling og opphald med sengeplass. Psykiatriske sjukehus tilbyr òg dagopphald og poliklinisk behandling. I tillegg til sjukehusa finst det distriktspsykiatriske senter som samarbeider med kommunehelsetenesta.

Eit distriktspsykiatrisk senter er ei fagleg sjølvstendig eining som har ansvar for ein stor del av dei allmennpsykiatriske tenestene innanfor eit geografisk område. Senteret skal ha poliklinikk, dagtilbod og døgntilbod under ei felles fagleg leiing.

Psykiatriske sjukehusavdelingar eller psykiatriske sjukehus gir behandlingstilbod som krev høgare bemanning og/eller spesialkompetanse enn det distriktspsykiatriske senter klarer å tilby. Desse sjukehusfunksjonane er:

  • akuttfunksjon med plikt til å gi akutthjelp
  • oppfølgande behandling i døgnavdeling, særleg for tvangsinnlagde pasientar og eventuelt i lukka avdeling for personar som har valdeleg åtferd og ei alvorleg psykisk liding
  • behandling i sikkerheitsavdeling

Ulike spesialavdelingar

Psykiatriske sjukehus er ofte delte inn i avdelingar eller postar som spesialiserer seg innan ulike psykiske lidingar. Helsefagarbeidarar, helsesekretærar, psykiatrar, psykologar, psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar arbeider på dei ulike postane.

Akuttpostar tek imot menneske med alvorlege sinnslidingar til korttidsopphald ved kriser. Ein stor del av innleggingane skjer som akutthjelpa anten frivillig eller som tvangsinnleggingar. På intermediærpostar er pasientane innlagd for nokre veker eller månader. Rehabiliteringspostar driv langtidsbehandling og rehabilitering. Alderspsykiatrisk avdeling tek imot eldre pasientar til utgreiing og planlegging av vidare oppfølging. Sikkerheitsavdelingar er for sinnslidande som kan vere til fare for andre.

Ambulanse og luftambulanse av typen EC 135. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ambulansetenesta

Ambulansetenesta høyrer òg til spesialisthelsetenesta og er underlagt dei regionale helseføretaka. Dei regionale helseføretaka kan også legge ut drifta til private føretak. Ambulansetenesta omfattar både bakke-, luft- og sjøfartøy. Desse har personell og utstyr tilpassa transport av sjuke og skadde og dessutan akuttmedisinsk behandling (medisinsk nødhjelp) før og under transport til sjukehus. Ambulansetenesta samarbeider tett med akuttmottaket på sjukehuset.

Hovudfunksjonen til ambulansane er beredskap for utrykking til pasientar som treng medisinsk nødhjelp utanfor sjukehuset. Utrykkingskøyretøya blir koordinerte av ein AMK-sentral (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) som kan kontaktast på nødnummeret 113 ved behov for snarleg nødhjelp. Ambulansetenesta speler derfor ei viktig rolle ved store ulykker og katastrofar.

Helsetilsynet

Statens helsetilsyn fører tilsyn med barnevern og sosial- og helsetenestene i heile landet. Pasientar, brukarar og næraste pårørande har rett til å varsle Helsetilsynet om dødsfall og svært alvorlege skadar etter hendingar som har samanheng med helsehjelp, og dette kan gjerast gjennom innlogging på Helsenorge.

Verksemder som yter helse- og omsorgstenester har varslingsplikt til Helsetilsynet ved "[...] dødsfall eller svært alvorlig skade på pasient eller bruker som følge av tjenesteytelsen eller ved at en pasient eller bruker skader en annen. Varslingsplikten gjelder dersom utfallet er uventet ut fra påregnelig risiko" (Helsetilsynet 2021).

Utfordringar til deg

  1. Kva helseføretak har ansvaret for sjukehuset som er nærast deg?

  2. Kvar skal du gå dersom du ønsker å få teke røntgen på grunn av smerter i kneet ditt?

  3. Kva telefonnummer ringer du for å få akutthjelp?

  4. Kva trur du ein meiner med at varslingsplikta til Helsetilsynet gjeld "dersom utfallet er uventet ut fra påregnelig risiko"? Diskuter i klassen.

Kjelde

Helsetilsynet. (2021, 21. juni). Virksomheter som yter helse- og omsorgstjenester (spesialisthelsetjenesten, kommunal helse- og omsorgstjeneste og andre som yter helsetjenester). https://www.helsetilsynet.no/tilsyn/varsel-om-alvorlige-hendelser/virksomheter-som-yter--helse--og-omsorgstjenester-spesialisthelsetjenesten-kommunal-helse--og-omsorgstjeneste-og-andre-som-yter-helsetjenester/

Relatert innhald

Som førstehjelpar ved ulykker er det viktig at du tenkjer på eigen tryggleik og sikrar skadestaden. Det er òg viktig at du veit korleis du skal varsle.

Som portør vil du kome i kontakt med mange forskjellige menneske i ulike situasjonar.

CC BY-NC-SASkrive av Vigdis Haugan. Rettshavar: Norsk Helseinformatikk
Sist fagleg oppdatert 24.01.2023

Læringsressursar

Oppbygging av tenestene