Hopp til innhald

Fagstoff

Hudpleiar

Hudpleiaren arbeider tett på kundane sine og utfører ulike former for hud- og kroppspleie. I denne filmen får du høyre om utdanningsløpet og nokre av arbeidsoppgåvene til hudpleiaren og kva for eigenskapar ein treng i yrket.

Arbeidsoppgåvene til hudpleiaren kan variere frå å utføre behandlingar for velvære og avslapping til å gi rettleiing og behandling til kundar med hudproblem. Sal og rettleiing i bruk av produkt for hud- og kroppspleie er ofte også ein del av jobben.

Utfordringar til deg

Sjå filmen og bruk lenkene under til å svare på desse spørsmåla:

  1. Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli hudpleiar?
  2. Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
  3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein hudpleiar?
  4. Kva for moglege arbeidsstader kan du finne for ein hudpleiar?
  5. Kvifor er det viktig med ergonomi i jobben som hudpleiar?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019

Læringsressursar

Yrka innan helse- og oppvekstfag