Hopp til innhald

Fagstoff

Aktivitør

Som aktivitør er det oppgåva di å leggje til rette for både fysiske og sosiale tilbod til ulike brukargrupper, både unge og eldre, slik at dei kan oppleve meistring, meining og innhald i kvardagen. I denne filmen fortel ein aktivitør om vanlege arbeidsoppgåver og naudsynte eigenskapar for yrket.

Aktivitøren planlegg og tilpassar aktivitetar for menneske i alle aldrar som av ulike grunner har behov for tilrettelegging. Aktivitøren motiverer til trivselsskapande aktivitetar både individuelt og i grupper for å halde ved like eller betre funksjonsevna til brukarane. Som aktivitør kan du jobbe i ulike helseinstitusjonar, fengsel, skule og andre offentlege eller private verksemder.

Utfordringar til deg

Sjå filmen og bruk lenkjene under til å svare på desse spørsmåla.

  1. Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli aktivitør?
  2. Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
  3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein aktivitør?
  4. Kva for moglege arbeidsstader kan du finne for ein aktivitør?
  5. Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi i jobben som aktivitør?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2020

Læringsressursar

Yrka innan helse- og oppvekstfag