Hopp til innhald

Fagstoff

Normer

Normer er reglar for korleis vi skal oppføre oss. Normene fortel oss kva forventningar samfunnet har til den enkelte. På ein måte rettleier dei oss i korleis vi skal oppføre oss i ulike situasjonar. Dei fleste av oss opplever dette som trygt. Vi har både formelle og uformelle normer.
Hender som held ein spiral med ikonar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei sosiale normene speglar bestemte verdiar. Ein verdi er noko vi meiner er godt eller viktig, og som vi derfor prøver å oppnå eller ta vare på. Norma «Du skal ikkje stele» fortel oss at eigedomsretten er ein verdi. Jo strengare straffa for tjuveri er i eit samfunn, jo viktigare er eigedomsretten for styresmaktene og innbyggjarane. Norma «Du skal ikkje slå i hel» og den strenge straffa for drap viser at retten til liv er ein grunnleggjande verdi. I alle samfunn er det normer som styrer korleis vi skal oppføre oss. Vi deler normer i dei følgjande to gruppene:

  • Formelle eller skrivne normer
    Eksempel på slike lover er Noregs lover og skolereglementet.
  • Uformelle eller uskrivne normer
    Eksempel på slike lover er bordskikk og reglar for korleis vi helser på kvarandre.

Normkollisjon

Det er ikkje alltid like lett å vite korleis ein skal spele rolla si. På arbeidsplassen kan du kome opp i følgjande situasjon: Leiinga krev at alle dei tilsette jobbar effektivt, og du klarer å oppfylle dette kravet. Arbeidskameraten din, som du er avhengig av for å få gjort det du skal gjere, klarer ikkje å følgje tempoet ditt. Kva gjer du? Dette er eit eksempel på at du kan kjenne at minst to normer kolliderer. Den eine seier at «Det er viktig å følgje ordrane frå leiinga», medan den andre minner deg om at «Du skal stå saman med arbeidskameratane dine». I ein slik situasjon blir du med andre ord utsett for krysspress.

På den same måten kan du kome opp i ein vanskeleg situasjon på skolen. Du har ein prøve i eit fag som du har sjanse til å få toppkarakter i om du jobbar hardt og nyttar tida maksimalt. På nabopulten sit den sikraste strykkandidaten i klassen og ber om hjelp. Kva for nokre verdiar eller normer er det da som kan kollidere? Kva roller kan kome i konflikt med kvarandre?

Døme på normer

Du skal ikkje stele.

Du skal ikkje jukse på prøvar.

Du skal reise deg for eldre på bussen.

Du skal stoppe og hjelpe til viss du kjem til ein ulykkesstad.

Du skal ikkje spreie opplysingar om brukarar som du får kjennskap til gjennom jobben din.

Du skal ikkje kaste mat.

Du skal gjere mot andre som du vil at andre skal gjere mot deg.

Alle skal få vere med i leiken. Ingen skal haldast utanfor.

Vask hendene før du begynner å lage mat.

Sei takk når du får ein presang.

Ahmed har den same retten til skoleplass som Lise.

Toralf, som sit i rullestol, har rett til å få vere med på klasseturen.

Du skal halde kviledagen heilag.

Hundar skal haldast i band.

Diskuter normene:

  • Kva for verdiar byggjer dei på?
  • Kva for normer er formelle, og kva for normer er uformelle?

Ulike normer

I arbeid innanfor helse- og oppvekstsektoren vil du møte ei rekkje ulike menneske. I dette møtet vil du oppleve at menneske har ulike normer. Dei formelle normene skal alle halde seg til, men dei uformelle normene vil variere blant anna ut frå alder, kvar du kjem frå, oppvekst og liknande. Som profesjonell yrkesutøvar vil du av og til kome i situasjonar der dine eigne og brukaren sine normer kolliderer. Tenk deg at du jobbar for ei ung jente med bevegelseshemming, og at du oppdagar at ho stel blad ved å leggje dei ned i rullestolen slik at dei ikkje kan sjåast. Kva gjer du da?

Utfordringar til deg

  1. Kva er ei norm?
  2. Kva for verdiar ligg til grunn for desse normene: «Reis deg for eldre damer på bussen», «Del goda» og «Samarbeid under eksamen er fusk»?
  3. Har du eksempel på at dine eigne normer har endra seg sidan da du var liten?
  4. Kva er ein normkonflikt?
  5. Korleis skal du som arbeidstakar stille deg dersom du og brukaren har ulike normer? Finn fleire eksempel.
CC BY-SASkrive av Erik Sølvberg. Rettshavar: Fagbokforlaget
Sist fagleg oppdatert 31.01.2018

Læringsressursar

Etikk i arbeidet