Hopp til innhald

Fagstoff

Etiske dilemma i arbeidet

Mange val er vanskelege fordi det er så mange omsyn å ta. Når vi blir trekte mellom ulike omsyn, seier vi at vi har eit etisk dilemma. Som fagarbeidar vil du stå overfor val der du må vege ulike omsyn mot kvarandre.
Mann med klistrelapp med spørsmålstegn i panna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etisk refleksjon

Som profesjonell yrkesutøvar skal du kjenne og følgje lov- og regelverk. Om lovverket seier noko om kva som er rett eller gale i ein situasjon, er du pålagd å følgje dette når du er på jobb. Det finst òg etiske retningslinjer for ulike yrkesgrupper og institusjonar som kan hjelpe deg med å velje. I eit arbeidsforhold kan du bruke kollegaene dine og dei overordna som støtte i slike valsituasjonar.

Døme Anna

Anna ber om å få ta del i andakten på avdelinga. Du er aleine og har det travelt, og du får ikkje tid til å hjelpe henne ut på fellesrommet. Du synest dessutan ikkje at andakten kan vere så viktig. Korleis forklarer du dette for Anna?

Moglege tilnærmingsmåtar til etiske dilemma

Når du står overfor eit etisk dilemma, må du spørje deg sjølv: Kva skal eg leggje mest vekt på? Nokre moglege tilnærmingsmåtar er:

Plikt
Du legg vekt på å gjere plikta di. Det betyr at du ønskjer å følgje skrivne og uskrivne lover og reglar.
Formål
Du legg vekt på at formålet med ei handling er god. Eit godt resultat er viktigare enn at du følgjer alle reglane.
Konsekvens
Du tenkjer mest på konsekvensane. Det valet som har færrast dårlege konsekvensar, for deg sjølv eller andre, er det beste valet.
Sinnelag
Du meiner at det er tanken bak som tel. Det betyr at valet må vere i tråd med det verdisynet du har, for eksempel eit bestemt livssyn.
CC BY-SASkrive av Tove Bostad og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2020

Læringsressursar

Etikk i arbeidet