Hopp til innhald

Fagstoff

Fagomgrep i faget innovasjon og marknadsføring

Her har vi samla fagomgrep som blir brukte i faget innovasjon og marknadsføring.
To elevar sit ved ein pult i eit klasserom og snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A

AIDAS-modellen
Ein marknadsføringsmodell der bokstavane står for attention, interest, desire, action og satisfaction. Modellen viser den stegvise prosessen det er å fange merksemda til forbrukarane, få dei interesserte, få dei til å ønskje seg produktet, for deretter å kjøpe det og til slutt bli fornøgde.

Attraksjon
Attraksjonar, opplevingar og aktivitetar som tiltrekkjer turistar.

B

Behovsanalyse
Å avklare kva behov ein kunde har.

Betalingsvilje
Den høgaste prisen ein kunde er villig til å betale for eit produkt.

Brukarstyrt innovasjon
Utvikling av nye produkt med sterk involvering av brukarane, som kan vere tilsette, kundar eller gjestar.

Byterett
Ein service frå butikkar, som ikkje er lovpålagd, og som gir ein kunde moglegheita til å byte ei vare.

Berekraftig utvikling
Ei utvikling som dekkjer dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekt behova sine.

C

CRM – kunderelasjonshandtering
Styring og utvikling av kunderelasjonar i ei verksemd. I dette arbeidet bruker bedrifter digitale verktøy, såkalla CRM-system. CRM er eit engelsk uttrykk som står for customer relationship management.

D

Det forventa produktet
Produktet kjøparen forventar å få, inklusiv tilleggsverdiar. Ein tilleggsverdi kan til dømes vere garantien kjøparen får på ei vare.

Det heilskaplege reiselivsproduktet
Eit pakketilbod på eit reisemål der overnatting, måltid, transport, formidling, opplevingar og attraksjonar inngår. Det heilskaplege reiselivsproduktet er eit samspel mellom mange ulike aktørar.

Det konkrete produktet
Det faktiske produktet ein kunde kjøper for å dekkje eit behov. Kjøpar nokon ei jakke, er det sjølve jakka som er det konkrete produktet, og ingenting anna.

Det potensielle produktet
Moglege tilleggsytingar, endringar og utvidingar som eit produkt kan utvikle i framtida for å gi det ytterlegare verdi. Dette kan til dømes dreie seg om sjølvkøyrande bilar i framtida.

Det utvida produktet
Tilleggsytingar som kan følgje med kjøpet utover det kjøparane forventar, som til dømes vareprøver hos eit parfymeri.

Digitale salsplattformer
Løysingar for netthandel der seljarar og kjøparar møter kvarandre for å handle, som til dømes Amazon og Finn.no.

Direkte distribusjon
Prosessen når eit produkt går direkte frå produsenten til kunden utan noka form for mellomledd. Eit døme er når mat blir laga på eit restaurantkjøkken og blir servert direkte til gjestar i restauranten.

Distribusjon
Alt som skjer med eit produkt frå det er ferdig produsert til det har nådd fram til sluttbrukaren.

Dovne varer
Varer som sjeldan blir selde, men som har høg forteneste, som til dømes dyre og eksklusive koffertar i ein veskebutikk.

Djupneintervju
Ein kvalitativ undersøkingsmetode der intervjuaren har som mål å få ei djupare forståing av ei problemstilling. Djupneintervju har ofte få informantar, og intervjua varer relativt lenge.

Dynamisk prissetting
Ein prissettingsmetode der prisen kan variere frå handel til handel, avhengig av kva seljar og kjøpar blir einige om.

E

Eksklusiv distribusjon
Berre éin eller svært få butikkar sel eit produkt.

Ekstern marknadsføring
Marknadsføring som blir brukt for å posisjonere seg i marknaden. Det kan til dømes vere reklame på nett og på tv.

F

Feltundersøkingar
Marknadsundersøkingar som blir brukte til å hente inn nye data og ny informasjon. Slike undersøkingar kan me òg kalle primærundersøkingar.

Fokusgruppe
Ei samling av personar som deltek i eit djupneintervju. Det er ofte vanleg med fire til ti deltakarar i ei fokusgruppe.

Forbrukar
Ein person som kjøper eller leiger produkt til privat bruk.

Forbrukaråtferd
Tankane og handlingane til forbrukarane når dei søkjer, vurderer, kjøper og bruker produkt.

Forbrukarkjøp
Ein forbrukar kjøper eit produkt til personleg bruk av ein yrkesseljar.

Forbrukarkjøpslova
Lova som gjeld ved forbrukarkjøp.

Forretningsidé
Ein idé som formidlar kva behov som skal dekkjast i marknaden, korleis behovet skal dekkjast og kven som er målgruppa. Det bør òg kome fram kva som er det unike med akkurat den idéen.

Fortente kanalar
Det kundar og andre skriv om ei verksemd i sine eigne kanalar.

Fullservice
Ein ekspeditør finn fram varene og tek imot betaling, som til dømes ved sal av reseptpliktige medisinar på apoteket.

G

Garanti
Eit frivillig løfte frå ein produsent til kundane, som garanterer kvaliteten, og nokre gongar prisen, til eit produkt innanfor ein viss tidsperiode. For at noko skal kunne kallast ein garanti, må det gi kundane rettar utover det som allereie er lovpålagt etter forbrukarkjøpslova.

Gjensal
Ein kunde kjem tilbake og kjøper meir ein annan gong.

H

Humankapital
Verdien av personalet og leiinga sine kvalifikasjonar, evner og kunnskapar.

Hypotese
Ein påstand eller ei antaking om verkelege forhold som kan testast.

I

Impulsvarer
Varer som ofte blir kjøpt på impuls. Desse varene blir nesten alltid plasserte lett synleg i butikken, gjerne i fronten for å trekkje folk inn i butikken eller nær kasseområdet der kundane oppheld seg mens dei ventar på å betale.

Indirekte distribusjon
Distribusjon der det blir brukt mellomledd for å få produkta ut til kundane. Coca-cola er eit døme på eit produkt som har denne typen distribusjon, for dette produktet blir selt på mange ulike utsalsstader som i daglegvarebutikkar, i kioskar, på bensinstasjonar og på matstader.

Indre salsmiljø
Omgivnader som har betydning for om kundane trivst i butikken og får lyst til å handle. Det kan dømes vere innreiing, belysning, personale, reinhald og orden.

Innovasjon
Å skape og utvikle nye produkt og løysingar, som til dømes ei ny vare, ei ny teneste eller ein ny produksjonsprosess.

Intensiv distribusjon
Distribusjon med svært god tilgjengelegheit, som Coca-cola er eit døme på.

Interaktiv marknadsføring
Kundekontakt og anna samhandling mellom personale og kundar. I denne samanhengen er service viktig.

Intern marknadsføring
Marknadsføring retta mot personalet, der leiinga mellom anna motiverer og lærer opp dei tilsette.

K

Kommunikasjonsprosess
Overføring av ein bestemd bodskap frå ein avsendar til ein mottakar. Eit døme er Voss Vann som formidlar ein bodskap om at dei produserer og sel eksklusivt flaskevatn.

Kommunikasjonsstrategi
Ein heilskapleg plan over kommunikasjonstiltak for korleis ei bedrift skal nå målgruppene sine, korleis dei skal forme ut bodskapen sin og kva kanalar dei skal formidle bodskapen i.

Konkurransebasert prissetting
Ein prissettingsmetode der ei bedrift bestemmer prisen på eit produkt ut frå kva konkurrentane tek for tilsvarande produkt.

Konkurransemiddel
Strategiske verkemiddel som bedrifter bruker for å posisjonere seg i marknaden. Desse blir òg kalla dei fem P-ar, som står for produkt, pris, påverknad (marknadskommunikasjon), plass (distribusjon) og personale.

Kostnadsbasert prissetting
Ein prissettingmetode der ei bedrift bestemmer prisen på eit produkt ut frå dei direkte og indirekte kostnadene ved produktet.

Kundedatabase
Ein elektronisk kundekatalog som inneheld informasjon om kundane.

Kundereisa
Alle dei stega ein kunde gjer frå vedkomande erkjenner eit behov, via at kunden startar å leite etter informasjon, til vedkomande gjennomfører eit kjøp. Det siste steget er det kunden gjer etter kjøpet.

Kvalitet
Summen av eigenskapane eit produkt har, og evna produktet har til å dekkje behov og innfri krav og forventningar.

Kvalitative undersøkingar
Undersøkingar som blir brukte for å samle inn data, der målet med undersøkinga er å oppnå djupnekunnskap om til dømes meiningar, haldningar eller ønske.

Kvantitative undersøkingar
Undersøkingar der det først og fremst blir samla inn data og informasjon som er kvantifiserbar, det vil seie data som ein kan telje eller gjere om til tal og statistikk.

M

Magnetvarer
Varer som ofte blir brukte til å leie trafikkstraumen til butikkar og inne i butikkar. Døme på magnetvarer i daglegvarebransjen er brød og mjølk.

Marknadsaktivitetar
Alle aktivitetar og arrangement som ei bedrift har som ledd i marknadsføringsarbeidet.

Marknadsbasert prissetting
Ein prissettingsmetode der ei bedrift bestemmer prisen på eit produkt ut frå kva marknaden er villig til å betale, altså betalingsviljen til kundane.

Marknadsfokusering
Ein prisstrategi der bedrifter prøver å selje varer til den delen av marknaden som har høgast betalingsvilje. Marknadsfokusering er dermed ein høgprisstrategi.

Marknadsføring
Alle dei aktivitetane som bidreg til å skape, formidle og levere varer, tenester og idéar som har ein verdi for kundar og for samfunnet samla sett. Marknadsføring handlar om å forstå og dekkje eit behov i marknaden.

Marknadsføringskampanjar
Marknadsaktivitetar som bedrifter gjennomfører for å skape merksemd om eit produkt.

Marknadskommunikasjon
Overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar.

Marknadsmiks
Måten ei verksemd bruker og kombinerer konkurransemidla på.

Marknadsmål
Mål bedrifta set for marknadsføringsarbeidet, med utgangspunkt i konkurransemidla.

Marknadsstrategi
Strategiske avgjerder om val av målgrupper, og måten ei bedrift bruker og kombinerer konkurransemidla på for å nå måla sine.

Marknadsundersøkingar
Undersøkingar av marknaden. Desse blir gjennomførte ved hjelp av innsamling og analyse av data om marknaden.

Mediemiks
Samansetninga av kommunikasjonskanalar.

Merkevare
Når eit produkt har ein verdi og får tilleggsfordelar i kraft av sjølve merket, kallar vi det ei merkevare. Apple er eit døme på ei merkevare.

Merkevarebygging
Å skape kjennskap til ei merkevare.

Meirsal
Det salsmedarbeidarar sel i tillegg til det kunden allereie har kjøpt eller har bestemt seg for å kjøpe. På restaurantar kan meirsal til dømes vere ein aperitiff til gjestar som ventar på mat, god vin til maten eller dessert og drikke til kaffien.

Mål
Ein ønskt tilstand eller eit ønskt resultat på eit framtidig tidspunkt. Ei målformulering kan til dømes vere: "Vi skal auke marknadsdelen vår til 25 prosent i løpet av neste år."

Målgruppe
Ei gruppe personar som ei verksemd vender seg til med produkta og serviceytingane sine eller bodskapen sin. Ei verksemd kan ha ei eller fleire målgrupper.

Målgruppeval
Arbeidet med å velje ut attraktive og lønsame målgrupper.

O

Observasjon
Ein undersøkingsmetode som blir brukt for å sjå på åtferd hos forbrukarar.

Omnikanal
Mange ulike salskanalar som er tilgjengelege for kundane kvar som helst og når som helst. Det vil seie at kundane har mange ulike kanalar der dei kan treffe bedriftene, og at desse kanalane er tilgjengelege for kundane heile døgnet uavhengig av kvar dei er.

Opplevd kvalitet
Korleis kunden opplever kvaliteten på ei vare eller teneste ut frå sine eigne forventningar.

P

Personas
Ein persona er ein tenkt person i ei målgruppe, ein typisk person som ei bedrift ønskjer å nå ut til og få som kunde.

Primærattraksjon
Ein attraksjon som utgjer hovudgrunnen til at ein vel ein spesiell reiselivsdestinasjon framfor ein annan.

Primærtransport
Transport til og frå ein reiselivsdestinasjon.

Primærundersøking
Ei type undersøking som hentar inn nye data og får ny informasjon. Slike undersøkingar kan me òg kalle feltundersøkingar.

Pris
Det ein må betale for eit produkt.

Prisdifferensiering
Ein prisstrategi der verksemder set ulik pris på det same produktet til ulike kundegrupper for å utnytte ulik betalingsvilje.

Prisinntrengingsstrategi
Ein prisstrategi der verksemder set ein låg pris i introduksjonsfasen for å kome inn på marknaden med produkta sine og selje så mange produkt som mogleg.

Produkt
Varer og tenester.

Livsløpet til eit produkt
Eit produkt har ei viss levetid på marknaden, og det går gjennom ulike stadium i eit livsløp. Etter at produktet er utvikla og lansert, går det gjennom dei fire fasane introduksjon, vekst, modning og tilbakegang.

Produktinnovasjon
Å skape nye varer eller tenester.

Produktutvikling
Prosessen frå idéutvikling til eit produkt blir lansert.

Prosessinnovasjon
Å utvikle nye metodar for å produsere produkt.

R

Reklamasjonsrett
Kundar har rett til å klage på produkt som har den typen feil som samsvarer med omgrepet mangel i forbrukarkjøpslova.

S

Salskanalar
Dei kanalane bedrifter bruker for å selje produkt til kundane sine, som til dømes nettsider, appar, nettbutikkar, kontaktskjema, sosiale medium, chat, telefon og e-post.

Salsprosess
Ein prosess der ein seljar styrer eit sal gjennom dei seks fasane planlegging, kontakt, behovsanalyse, argumentasjon og demonstrasjon, avslutning og oppfølging.

Segmentering
Å dele marknaden inn i ulike delar ut frå visse fellestrekk. Det finst mange måtar å segmentere marknaden på, til dømes med utgangspunkt i kjønn, alder, bustad og interesser.

Sekundærattraksjonar
Attraksjonar som ein kjenner til på ein reiselivsdestinasjon, men som ikkje er avgjerande for valet av reisemål.

Sekundærtransport
Transport på sjølve reiselivsdestinasjonen, som er ein del av ferieopplevinga.

Sekundærundersøkingar
Å gå gjennom og bruke data som allereie er tilgjengeleg. Slike undersøkingar blir òg kalla skrivebordsundersøkingar.

Selektiv distribusjon
Å velje ut eit visst tal utsalsstader for eit produkt.

Sjølvbetening
Kunden plukkar varene sjølv og tek dei med til kassa.

Service
Totalopplevinga ein kunde eller gjest får under ein handel.

Serviceprodukt
Produkt som har låg forteneste eller lågt sal, men som det blir forventa at butikken har. Eit døme er mobildeksel til eldre mobiltelefonar.

Sirkulær verdikjede
Ei verdikjede der alle ressursar blir utnytta lengst mogleg, mellom anna gjennom gjenbruk og resirkulering.

Sjokkseljar
Ein installasjon som viser fram utvalde produkt på ein salsfremjande måte. Installasjonen blir plassert på eit bord, på disken, på ein pult, i hyller, i ein resepsjon eller rett på golvet.

Saumlaus handleoppleving
Ei handleoppleving utan friksjonar der alt fungerer. Det er mellom anna lett å finne informasjon, betale for produktet og få det levert.

T

Tertiærattraksjonar
Attraksjonar på ein reiselivsdestinasjon som ein ikkje kjende til på førehand, men som ein oppdagar når ein er der.

Teneste
Eit produkt som ikkje er ei fysisk vare, som til dømes eit mobilabonnement.

V

Vinnande varer
Lett omsettelege varer med god forteneste, som til dømes nye mobiltelefonar, felleski og andre bestseljarar.

Visuell identitet
Viser kva ei bedrift står for og kva ho ønskjer å formidle om seg sjølve gjennom visuelle element som til dømes logo og fargebruk.

Y

Ytre salsmiljø
Faktorar som har betydning for om kundane vil kome inn i butikken, som plassering, fasade, inngangsparti og utstillingsvindauge.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021

Læringsressursar

Faglege omgrep og studietips