Hopp til innhald

Fagstoff

Tverrfagleg årsplan: sal og reiseliv vg2

Når du skal planlegge skuleåret, kan du kanskje ha nytte av forslaget vårt til årsplan. Her får du tips til korleis emna kan strukturerast på tvers av faga. Planen inneheld lenker til fagstoff på NDLA til dei aktuelle emna.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forslag til årsplan

Det er mange måtar å nå eit mål på. Her får du nokre forslag til korleis du kan arbeide med å nå kompetansemåla i læreplanen (LK20) for sal og reiseliv vg2.

Fagressursane dekker kompetansemåla i læreplanen. Her finn du både fagartiklar, utforskande og varierte oppgåver, filmar og podkastar som til saman dannar eit fullverdig læremiddel for faga.

Med eit variert utval av læringsressursar kan du tilpasse innhaldet til ulike elevar og undervisningsmetodar. Vi håpar årsplanen kan hjelpe deg med å finne fram i ressursane våre og inspirere deg til å prøve ut noko nytt.

Ressursane er universelt utforma og finst på både nynorsk og bokmål.

Lykke til med organiseringa av skuleåret!

Filer

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2023

Læringsressursar

Om faget innovasjon og marknadsføring – for læraren