Hopp til innhald

Seriar

Podkast: Gründerverksemd og berekraft

Sophie Wiik kan kallast både grøn gründer, investor, foredragshaldar og matreddar. I podkasten får vi høyre Sophie Wiik si gründerreise med Too Good To Go, ein marknadsplass for overskotsmat for å kjempe mot matsvinn.
Portrettbilete av Sophie Wiik. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sophie Wiik er oppteken av å jobbe for at berekraftig livsstil skal vere lett tilgjengeleg for alle. Ho brenn for miljø, gjenbruk og redusert forbruk, og er svært opptekne av å vise korleis berekraft og økonomi går hand i hand ved hjelp av .

Sophie vart oppteken av matsvinnproblematikken då ho dreiv med dumpster diving i studietida, og ho drøymer om at all mat skal hamne i magen og ikkje i søpla.

Sophie Wiik var med på å starte Too Good To Go i København i 2015, som no er den største nettbaserte marknadsplassen i verda for overskotsmat. Vidare er ho grunnleggjaren av den storstilte redningsaksjonen for norsk restemat, Too Good To Go Norge AS, som vart starta opp i januar 2016. Sophie eigde og leia Too Good To Go Norge AS fram til ho selde seg ut i mars 2019. Ho er framleis aksjonær i Too Good To Go ApS, som er basert i Danmark.

Sophie er òg investor og styremedlem i Fjong, ei plattform for berekraftig mote, i tillegg til å vere involvert i fleire andre grøne prosjekt.

Du kan høyre meir om Sophie Wiik si spennande gründerreise med fokus på berekraft i podkasten nedanfor. Kva med å høyre på podkasten mens du går ein tur eller kanskje set deg ut i sola? God lytt!

Gründerverksemd & berekraft

0:00
-0:00

Ta gjerne ein diskusjon i klasserommet etter å ha høyrt på podkasten.

Spørsmål til podkasten
  • Kva er gjennomgåande i Sophie Wiik sitt gründerskap?

  • Kva meiner Sophie Wiik er den største forretningsmoglegheita i verda? Tenkjer de det same? Kvifor/kvifor ikkje?

  • Kva meiner vi med «grøn innovasjon», og korleis blir dette definert i podkasten?

  • Kva råd har Sophie Wiik å gi til grøne innovatørar?

  • Vart de inspirerte av å høyre om Sophie Wiik si gründerreise?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2021

Læringsressursar

Berekraftig innovasjon