Hopp til innhald

Fagstoff

California - historikk og klimasoner

Fransiskanarmunkane planta dei første Mission-druene på misjonsstasjonane sine i California på siste halvdelen av 1700-talet. Sidan kom det innvandrarar frå mange land, som hadde med seg vinstokkar.

Historikk

Kart over vinområder i California. Illustrasjon.

Innvandrarar frå mange land hadde med seg vinstokkar til California. Mest berømt er ungararen Agoston Haraszthy, som rundt 1860 innførte 100 000 vinplantar fordelte på cirka 300 artar. Han la ned eit stort arbeid i innsamling av og forsking på drueplantar. Sidan er landbruksvitskap og jordforsking med tanke på druedyrking blitt universitetsutdanning i California.

Under forbodstida (1920–1933) var all produksjon og sal av alkohol ulovleg i USA. Deretter fekk vi den andre verdskrigen, så det er eigentleg først etter 1950 at California har begynt den moderne framgangen.

Klimasonene

Alt etter om vinregionane ligg i nord eller sør, ute ved kysten eller inne i landet, vil nedbør og temperatur variere stort. Derfor er dei delte inn i fem klimasoner:

  • Sone 1 Dette er den kaldaste sona og har liknande temperaturar som i Nord-Frankrike og Tyskland. Finst i kystområda.
  • Sone 2 Denne sona er òg forholdsvis kjølig og liknar Bordeaux. Finst òg i kystområda.
  • Sone 3 Denne sona liknar Toscana eller Rôhnedalen. Finst i indre og lune kystområde.
  • Sone 4 Her begynner temperaturen å bli høg, han liknar Midt- eller Sør-Spania. Finst innover i landet.
  • Sone 5 Dette er varme område som i Nord-Afrika. Her produserer ein gjerne sterkvin. Dei varmaste delane av Central Valley.

Vinlovar

USA har ikkje vinlovar som dei vi kjenner frå Europa. Det er ei rekkje grunnar til det. Dei har ikkje nokon lang vintradisjon, regionane har ingen bestemte druetypar eller produksjonsmetodar, dei blandar diverse druetypar som dei vil, og det er ofte smaken kunden vil ha, og profitt som styrer det heile. I USA står òg produsentane svært frie med omsyn til namnebruk. Dei kallar vinane burgundy, rhine, chablis og champagne heilt tilfeldig. Etter handelsavtale med EU kan desse vinane ikkje eksporterast ut av USA.

USA har likevel sett på den franske AOC-klassifiseringa og har oppretta ei rekkje geografisk avgrensa AVA-område (Approved Viticultural Area). Det går stort sett på reguleringar for årgangs- og eidruevinar. Om éi drue er oppgitt på etiketten, skal det vere minst 75 prosent av den drua. Om vingard er oppgitt, skal 95 prosent av druene vere frå den garden, og er årgang angitt, må 95 prosent av druene vere frå det året.

Skal du kunne velje ut amerikansk kvalitetsvin, må du nesten vite kva den enkelte produsenten står for. Derfor trekkjer vi fram nokre kjende namn og stader, men det finst sjølvsagt mange fleire.

Det finst ei gruppeinndeling, utan at det er nokon kvalitetsgaranti. Det er desse:

  • Generics: Vinen kjem frå eit definert geografisk område. Det blir brukt europeiske distriktsnamn for å beskrive ein bestemt vinstil.
  • Varietals: Namngir druesort når minst 75 prosent kjem frå éi drue.
  • Proprietaries: Omtrent som slottsvin, altså tappa på ein bestemt eigedom.
bilde av En flaske hvitvin fra Fetzer vinmarker
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Amerika