Hopp til innhald

Fagstoff

Nord-Amerika

Dei druestokkane som opprinnelg fanst i Nord-Amerika tilhøyrte ein annan familie enn dei europeiske. Dei var resistente mot vinlus. Derfor er det aller meste av dei druestokkane som blir brukte rundt om i verda i dag, poda inn på røter frå amerikanske hybridar.

Historikk

Kart over vinområdene i USA. Illustrasjon.

Nord-Amerika blei midt på 1500-talet lagt beslag på først og fremst av England og Frankrike. Engelskmennene gjekk i land nord og sør for New York og fann store, ville drueplantar. Franskmennene gjekk i land lenger nord og reiste mellom anna oppover St. Lawrens-elva og innover det som no er Canada. Der fann dei digre villdruer. Men både engelsk- og franskmennene erfarte at desse eigna seg lite til vinlaging.

Dei amerikanske druestokkane høyrde til ein annan familie enn dei europeiske vinifera-typane. Desse var frå Vitis labrusca eller rotundifolia og gir ein noko spesiell smak som blir kalla «foxy taste». (Det blir sagt at han minner om lukta frå ein revegard.)

Vinlus

Det nytta heller ikkje å plante europeiske vinstokkar, for dei døydde etter kort tid. Dette var underleg, for europeiske plantar treivst på vestkysten (California). Problemet var vinlusa Phylloxera som gjekk til åtak på røtene på plantane, og som berre fanst på austkysten. Dei amerikanske plantane var resistente mot lusa og hadde ingen problem. Ingen skjønte årsaka på det tidspunktet, og amerikanske druestokkar blei tekne med til Europa.

Før vinlusa blei oppdaga, ble ho spreidd over heile vinverda, òg til California. Frå 1870 og opp mot hundreårsskiftet var ho på nippet til å utrydde alt som var av vindruer. Berre nokre få område unngjekk det som sidan har blitt kalla Phylloxera-katastrofen. Chile var mellom dei områda som gjekk klare.

Poding

Som nemnt var dei amerikanske ville druestokkane resistente mot vinlusa. Derfor er det aller meste av dei druestokkane som blir brukte rundt om i verda i dag, poda inn på røter frå amerikanske hybridar, altså stokkar som er kryssa med dei opphavlege amerikanske. Å pode vil seie at ein gjer eit snitt i stammen på planten og set inn ein kvist frå den arten ein ønskjer å få fram.

I dag blir det produsert vin i over 40 av dei amerikanske statane i tillegg til i Canada langs grensa til USA. Men det er California som står for 90 prosent av produksjonen, og det er vin derfrå som er på listene i Noreg. Derfor er det den staten vi skal sjå nærmare på.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Amerika