Hopp til innhald

Fagstoff

Praterobottips til eleven

Bruk praterobotar som ein ekstra læringsmuskel!

👉 Viktig å vite

  • Ikkje legg sensitiv informasjon inn i praterobotar, last heller ikkje opp bilete av personar.

  • Ver alltid open om når og korleis du har brukt praterobotar i læringsarbeidet ditt.

  • Ver alltid kritisk til svara frå ein praterobot. Han svarer med utgangspunkt i berekningar og sannsynsrekning. Han har inga forståing for innhaldet han genererer.

  • Sjekk alle faktaopplysningar frå praterobotar opp mot uavhengige og pålitelege kjelder. Dersom du ikkje kan få stadfesta opplysningane hos andre kjelder, har sannsynlegvis prateroboten berre funne på dei.

  • Betydninga av retningslinjer kan variere frå oppgåve til oppgåve, frå fag til fag og frå lærar til lærar. Er du i tvil om kva som gjeld for det du jobbar med akkurat no, spør læraren din!

👍 God bruk av praterobotar

Inspirasjon

  • Be om tips til idéar dersom du treng å bli inspirert

  • Få tips til problemstillingar og påstandar du kan jobbe vidare med

Læringsassistent

  • Spørje om hjelp til å forstå ei oppgåve

  • Spørje om forslag til ulike måtar å løyse ei oppgåve på

  • Få hjelp til å forstå faglege tema og omgrep

  • Spørje om lister over fagomgrep

  • Få samandrag av lange tekstar

  • Be om forklaringar på vanskelege omgrep og setningar

  • Få hjelp til å teste og øve opp kunnskapar innanfor eit fag eller tema

  • Få hjelp i arbeid med programmering

Tekstarbeid

  • Be om hjelp til organisering og rydding av notat eller til å omarbeide og organisere innhald

  • Spørje om hjelp til å lage ein disposisjon til ein tekst

  • Få tips til argument både for og imot ei sak

  • Få hjelp til rettskriving og omsetjing

👎 Dårleg bruk av praterobotar

  • Generere innhald du leverer som om det er ditt

  • Stole på og bruke fagleg innhald, utan å dobbeltsjekke med andre kjelder

  • Stole blindt på rettingar av tekstane dine

  • Generere innhald du ikkje bruker eller les gjennom (berekraft – bruk av praterobotar krev enormt mykje kraft)

Kjelder

Møre og Romsdal fylkeskommune. (u.å.). Retningslinjer for bruk av KI i skolen. Henta 12. april 2024 frå https://mrfylke.no/tenester/skole-og-opplaring/opplaring-i-skole/ikt-og-elev-pc/kunstig-intelligens-i-skolen/retningslinjer-for-bruk-av-ki-i-skolen/

Osloskolen. (2024, 11. mars). Kunstig intelligens (KI) i Osloskolen. Henta 12. april 2024 frå https://aktuelt.osloskolen.no/larerik-bruk-av-laringsteknologi/digital-skolehverdag/kunstig-intelligens-ki-i-osloskolen/

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2024

Læringsressursar

Bruk praterobotar