Hopp til innhald
Rettleiing

Årsplan for vg2 helsearbeidarfag

Ein helsefagarbeidar treng heilskapleg kompetanse for å utøve yrket. Dette krev forståing for at det er ein samanheng mellom kompetansemål i dei ulike programfaga og mellom kjerneelementa og kompetansemåla. Her finn du forslaget vårt til tverrfagleg årsplan for programfaga.

Vg2 helsearbeidarfag skal utdanne fagarbeidarar som er med og dekker behovet for kompetanse i grunnleggande sjukepleie og miljøarbeid i alle delar av helsetenesta. Helsefagarbeidaren skal gi helsehjelp, førebygge einsemd og bidra til eit aktivt liv for pasientar og brukarar.

Utdanninga skal utvikle fagarbeidarar med praktiske ferdigheiter og vilje og evne til å arbeide for kontinuerleg kvalitetsforbetring. Helsefagarbeidaren skal vise empati og yte heilskapleg omsorg og samhandle med menneske med varierande hjelpebehov, ulik bakgrunn og livssituasjon.

Årsplan i helsearbeidarfag

Emna i helsearbeidarfaget har innhald og arbeidsoppgåver som dekker fleire eller alle programfaga. Vi håper planen kan vere til inspirasjon! Last han gjerne ned og tilpass han til elevgruppa di og miljøet ditt.

Det er mogleg å trykke på dei ulike emna under faga, desse inneheld lenker. Lenkene fører deg til fagartiklar og oppgåver i det aktuelle emnet på ndla.no. Trykker du på kompetansemåla, vil lenka føre deg til Utdanningsdirektoratet sine nettsider og kompetansemåla i faget.

Nyttige ressursar hos NDLA

NDLA har laga tverrfaglege ressursar som kan vere nyttige ved skulestart og gjennom heile året. Ein av ressursane er Verktøykassa. Her finn du mange fagartiklar og oppgåver knytte til ein god skulestart og korleis skape eit trygt og utviklande skulemiljø. Du finn òg mange andre gode tips og råd her.

For elevar på helsearbeidarfag er det nyttig å øve på framføringar og presentasjonar. Dei to ressursane 11 kreative tips til framføringar og Presentasjonar er fagstoff og oppgåver som gir elevane innsikt i kva dette er, og moglegheit til å øve.

Forslag til samarbeid med fellesfag

Samfunnskunnskap, norsk og kroppsøving har kompetansemål som gjer det mogleg å samarbeide om ulike prosjekt i løpet av året. Eit tips er å gå gjennom kompetansemåla i desse faga og samarbeide med fellesfaglærarar og lage ulike prosjekt som de kan gjennomføre i alle faga.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2021). Læreplan i vg2 helsearbeiderfag (HEA02-04). https://www.udir.no/lk20/hea02-04