Engelsk YF på NDLA inneheld eit breitt utval av ressursar, og alle er ikkje tekne med i denne årsplanen. Gjer deg kjend med ressursane som finst på NDLA, slik at du kan tilpasse årsplanen etter interessene og behova til elevane dine.
Ressursane og strukturen vi har foreslått i denne årsplanen, legg til rette for at elevane skal kunne
reflektere kritisk og sjølvstendig
vurdere den språklege og kulturelle innverknaden til ulike land frå ein historisk ståstad
studere ulike litterære tekstar for betre å forstå kulturen og samfunnet i det aktuelle landet
utvikle si eiga språkforståing
utvikle evna til å skrive gode og strukturerte tekstar
utvikle evna til å nytte kjelder på ein korrekt måte
utvikle evna til å kommunisere på engelsk i arbeidssituasjonar, munnleg og skriftleg
Berre dei mest sentrale kompetansemåla frå læreplanen er tekne med i årsplanen. Alle kompetansemåla finn du her:
Kompetansemål, engelsk YF
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
bruke eigna strategiar i språklæring, tekstskaping og kommunikasjon
bruke eigna digitale ressursar og andre hjelpemiddel i språklæring, tekstskaping og samhandling
bruke mønster for uttale i kommunikasjon
lytte til, forstå og bruke fagterminologi munnleg og skriftleg i arbeidssituasjonar
uttrykkje seg nyansert og presist med flyt og samanheng, idiomatiske uttrykk og varierte setningsstrukturar tilpassa formål, mottakar og situasjon
gjere greie for argumentasjonen til andre og bruke og følgje opp innspel frå andre i samtalar og diskusjonar om yrkesrelevante emne
bruke kunnskap om samanhengar mellom engelsk og andre språk eleven kjenner til i eiga språklæring
bruke kunnskap om grammatikk og tekststruktur i arbeid med eigne munnlege og skriftlege tekstar
lese, diskutere og reflektere over innhald og verkemiddel i ulike typar tekstar, inkludert sjølvvalde tekstar
lese og samanfatte fagleg innhald frå engelskspråkleg dokumentasjon
lese og samanlikne ulike sakprosatekstar om same emne frå forskjellige kjelder og kritisk vurdere kor pålitelege kjeldene er
bruke ulike kjelder på ein kritisk, formålstenleg og etterretteleg måte
skape yrkesrelevante tekstar med struktur og samanheng som beskriv og dokumenterer eige arbeid tilpassa formål, mottakar og situasjon
vurdere og arbeide vidare med eigne tekstar ut frå faglege kriterium og kunnskap om språk
beskrive sentrale trekk ved framveksten av engelsk som arbeidsspråk
utforske og reflektere over mangfald og samfunnsforhold i den engelskspråklege verda ut frå historiske samanhengar
diskutere og reflektere over form, innhald og verkemiddel i engelskspråklege kulturelle uttrykksformer frå ulike medium, inkludert musikk, film og spel