Hopp til innhald

Fagstoff

Bustaddokumentasjon

Bustaddokumentasjon er viktig ved bygging av nye bustader og ved større vedlikehald, endringar eller reparasjonar. Det er eit bevis på kva slags arbeid som er gjort, og kven som har utført det. Men kva betyr dette for deg som fagarbeidar?
Fru Justitia som held ei vekt. Illustrasjon av ein lovparagraf i forgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ny avhendingslov

Frå 1. januar 2022 vart det innført ei ny forskrift til avhendingslova for å sikre tryggare kjøp og sal av bustad. Dette har store konsekvensar for både den som eig, kjøper eller sel ein bustad. Medan ein tidlegare kunne seie at ein bustad vart seld "som han er", skal ein bustad no seljast slik han er dokumentert. Finn ein ny bustadeigar manglar som ikkje er dokumenterte, er det no langt lettare å krevje erstatning, også på mindre manglar heilt ned til 10 000 kroner.

For kjøparen er det no først og fremst viktig å setje seg inn i dokumentasjonen på bustaden før ein kjøper han, og ein er ikkje lenger like avhengig av å inspisere sjølv eller få ein bygningssakkunnig til å gå gjennom bustaden først.

For den som eig ein bustad, er det no utruleg viktig at alt arbeid som blir utført i bustaden, blir dokumentert og er tilgjengeleg ved bustadsal. All dokumentasjon skal vere med i salsrapporten, saman med tilstandsrapport og eigenerklæring. Når ein bygningssakkunnig går gjennom ein bustad, må hen setje seg inn i dokumentasjonsgrunnlaget. Manglar det til dømes dokumentasjon på eit oppussa bad, vil badet automatisk får dårlegaste tilstandsgrad, og verdien på bustaden kan bli vesentleg redusert.

For ein vanleg bustadeigar er den viktigaste konsekvensen av den nye lova at ein kontinuerleg sørger for å få dokumentert alt vedlikehaldsarbeidet som blir utført i bustaden, og samle dette i bustadmappa. Jo meir som er dokumentert, jo tryggare er det for både eigaren, seljaren og kjøparen av bustaden.

Bustadmappa

Raud sirkel med mappe. Logoen til Boligmappa. Illustrasjon.

For å hjelpe eigarar, seljarar og kjøparar av bustader, og ikkje minst handverkarar, vart Boligmappa.no lansert i eit samarbeid mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Nelfo (bransjeforeining for elektroinstallatørar), Rørentreprenørene Norge og Elektroforeningen. Tanken bak er at du ved innlogging med BankID kan få tilgang til ei nettside for din eigen bustad, der all bustaddokumentasjon enkelt kan samlast. Ei bedrift som utfører arbeid i ein bustad, kan også automatisk laste opp dokumentasjon på arbeidet på nettsida til bustaden.

Krav til fagarbeidaren

Det er ikkje berre avhendingslova som gjer at det blir stilt krav til dokumentasjon av det arbeidet som blir utført.

Det blir stilt ulike krav til ulike typar arbeid og til ulike rom i bustaden. Alt arbeid på det elektriske anlegget i bygget, og alt arbeid i våtrom, må dokumenterast, uavhengig av kva fagdisiplin som arbeider. Med våtrom siktar ein til bad, dusjrom og vaskerom eller andre rom der vegger eller golv jamleg blir utsette for vass-søl.

Kvifor så strenge krav til våtrom?

Eit utett våtrom kan føre til store og kostbare vasskadar, som igjen kan føre til ròte og mugg. Ofte er det utette gjennomføringar i golv og vegger, eller manglande fall til sluk, som har skuld i vasskadar frå våtrom.

Ròteskadar i ein vegg som følge av fukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alt arbeid på den elektriske installasjonen i bustaden, anten det er oppgradering eller utviding av eksisterande anlegg eller nytt elektrisk anlegg, skal dokumenterast og overrekkast kunden, gjerne i bustadmappa til bustaden. Her er det krav til både risikovurdering, sluttkontroll og samsvarserklæring.

Med alle desse krava til dokumentasjon er det forventa både at du som fagarbeidar veit kva som skal dokumenterast, og at du klarer å bruke verktøya dette blir gjort med. Fordi det å dokumentere er ein så viktig del av jobben, kan det få konsekvensar både for deg og bedrifta du arbeider i, viss dette ikkje blir gjort. Det kan også påverke kunden og eigaren av bygget.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marius Weum Stick og Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Sikkerheit