Hopp til innhald

Arbeidsmiljø og dokumentasjon (BA-BAT vg1)

Felles programfag saman med:Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1)

Helse, miljø og sikkerheit

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er vesentleg for alle bedrifter, stor eller lita. Ein triveleg, trygg og sikker arbeidsplass er eit godt utgangspunkt for lønnsemd. Det er derfor ikkje noko motsetningsforhold mellom HMS og god lønnsemd.

Sikkerheit

Med S-en i HMS-omgrepet meiner vi sikkerheit for person, prosess og produkt. I HMS-samanheng blir ordet ofte brukt i samband med hendingar. Med hendingar meiner vi akutte situasjonar, enkeltsituasjonar eller enkeltjobbar som skal gjerast.