Hopp til innhald

Fagstoff

Installasjonar for boring og brønnvedlikehald

Riggar og skip som blir brukte til boring og brønnvedlikehald, blir delte inn i dei som flyt når aktiviteten går føre seg (skip og halvt nedsenkbar plattform), og dei som blir landa mellombels på havbotnen og derfor ikkje blir påverka av bølgjerørsler (oppjekkbar rigg).
Flytande offshore-installasjonar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike flyttbare innretningar kan brukast til bore- og brønnserviceaktivitetar. Dei blir delte inn i flytande og faste installasjonar. Flytande innretningar er halvt nedsenkbar rigg, boreskip og skip for lett brønnintervensjon ( ).
Der havdjupet er mindre enn 150 meter, kan vi bruke ein fast installasjon. Det er ei innretning som flyt når ho blir flytta frå stad til stad, og som landar med bein på havbotnen når ho skal utføre arbeid på brønn. Det blir kalla ein oppjekkbar rigg.

Flytande installasjonar til brønnaktivitet

Dei flytande installasjonane blir kjenneteikna ved at dei flyt mens dei er i operasjon på ein brønn. Dei kan flyttast frå stad til stad med eiga motorkraft (maritimt anlegg). Ein slik flytande installasjon er anten eit boreskip, ein halvt nedsenkbar rigg (semi-submersible) eller eit mindre skip som blir brukt til lette brønnintervensjonar.

Jackup rig  under transport ved hjelp av taubåtar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei flytande installasjonane blir haldne på riktig stad over brønnen ved hjelp av forankring med ankerkjettingar i havbotnen, eller ved hjelp av eit dynamisk posisjoneringssystem (). DP-systemet ved hjelp av satellitt og bruker propellar til å halde posisjonen.

Dersom installasjonen skal bruke anker på , er det naudsynt med spesialskip (ankerhandteringsskip) for å få anker og ankerkjettingar på plass.

Flytande installasjonar bruker to bølgjekompenseringssystem som hindrar rørsle på borestrengen og mens vi er i aktivitet på brønnen.

Installasjonar som både kan flyttast og setje ned bein på havbotnen

Jackup-riggen, eller den oppjekkbare riggen, er ein installasjon som både kan stå fast på havbotnen og flyte i havet. Han blir brukt til boring og brønnvedlikehald og kan òg plasserast inntil ein annan installasjon slik at han kan fungere som boremodul til å leige inn.

Jackup-riggen er spesiell fordi han kan slepast eller køyre med eigen skipsmotor til oppdragsområdet. Der jekkar han ned tre bein som står på havbotnen, slik at skroget blir løfta opp frå havoverflata. Når oppdraget er avslutta, jekkar han beina opp slik at han blir til ei flytande eining igjen.

Til venstre blir det vist ein jackup-rigg som blir slept til ein ny brønn, og til høgre står ein jackup-rigg på havbotnen og borar ein brønn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordelen med ei slik løysing er at riggen ikkje beveger seg med bølgjene i havet, og derfor treng han ikkje å ha kompenseringsutstyr på borestrengen eller stigerøyret.

Relatert innhald

Semi-sub er ein sikker og effektiv rigg som kan operere på ekstreme havdjup, og som blir flytta ved eiga motorkraft.

Jackup-riggen er ein flytande installasjon som blir taua til lokasjon der han blir plassert med bein som blir jekka ned til havbotnen.

CC BY-SASkrive av Børge Harestad og Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2021

Læringsressursar

Boreinnretningane