Rettferdig prissetjing?
I oppgåvene nedanfor skal du blant anna setje opp ein forenkla priskalkyle for nokre mobiltelefonar. Bruk gjerne eit rekneark til å løyse oppgåva. Set opp ein kalkyle som viser forholdet mellom materialkostnader (direkte kostnader), avanse og salspris – der avansen er det som skal dekkje dei indirekte kostnadene og fortenesta. Indirekte kostnader er kostnader som ikkje er direkte knytte til å produsere ei bestemt vare, som til dømes Apple sine løns- og utviklingskostnader.
Kalkulasjon | Budsjettpost |
---|---|
Materialkostnader | |
+ | Avanse |
= | Salspris utan meirverdiavgift |
Oppgåve 1
Set opp ein priskalkyle (sjå over) i dollar for iPhone 7, der du bereknar avansen ut frå at materialkostnadene er $224,80 og salprisen er $649. (Dette er tal frå september 2016, (sjå artikkelen "Så mye koster iPhone 7 egentlig".)
- Berekn avansen i prosent.
- Kan du ut ifrå storleiken på avansen seie noko om kven i verdikjeda som tener mest på kvar mobiltelefon du kjøper?
Forklar kvifor avanse ikkje er pengar rett inn på konto til Apple, produsenten av iPhone-telefonane. Forklar forskjellen på avanse og forteneste.
Oppgåve 2
Set opp ein priskalkyle i dollar for iPhone 11 Pro Max, der du bereknar avansen ut frå materialkostnader på $450,50 og salspris på $1099.
Berekn avansen for iPhone 11 Pro Max i prosent.
Korleis er avansen i prosent for iPhone 11 Pro Max samanlikna med iPhone 7? Apple tek ifølge eigne rapportar stadig større samfunnsansvar. Kan dette forklare endringane i kalkylane? Forklar.
Bakgrunnsstoff:
Oppgåve 3
I første kvartal 2019 omsette Apple for 31 milliardar dollar, og i same periode var overskotet på 11,6 milliardar dollar – ein nedgang på 16 % frå året før. På same tid er dagslønna for ein gruvearbeidar mellom ein og ni dollar.
Kor mange prosent av omsetninga utgjorde Apples overskot i første kvartal 2019?
I kva grad synest du det er ei rettferdig prissetjing på iPhone?
- Kva skal til for at prissetjing skal bli meir rettferdig?
Kor stort var overskotet til Apple i første kvartal 2018 ifølgje opplysningane?
Bakgrunnsstoff:
- Kampanje: Apples resultat faller – salget av iPhone stuper
- NRK: Mukamba har jobba i gruva sidan han var åtte: 11 timars arbeidsdag og 1 dollar i lønn
Relatert innhald
Avanse blir brukt i nokre kalkylar for å berekne salsprisen på eit produkt. Men kva er avanse, og kva er forholdet mellom avanse og bruttoforteneste?