Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vegen om 1

Øv på metoden "vegen om 1" med desse oppgåvene.

VE-1

Raude eple. Foto.

7 eple kostar 45 kroner. Du skal finne ut kor mykje 3 eple kostar.

a) Kva går du "vegen om 1" med i dette tilfellet?

Løysing

Vi må finne prisen på eitt eple. Det betyr at vi går vegen om (prisen på) 1 eple.

b) Kor mykje kostar 3 eple?

Løysing

Vi må dele prisen på dei 7 epla (45 kr) på talet på eple, det vil seie 7, og deretter gonge med det talet eple vi skal ha, 3.

Prisen på 3 eple blir

45 kr7·3=19,28 kr

Eventuelt kan du dele opp reknestykket i 2 utrekningar slik som på teorisida.

VE-2

Koparrøyrramme med kapillardelar. Foto.

5 m koparrøyr veg 1,5 kg. Du skal finne ut kor mykje 2 m koparrøyr veg.

a) Kva går du "vegen om 1" med i dette tilfellet?

Løysing

Vi må finne ut kor mykje 1 m koparrøyr veg. Det betyr at vi går vegen om (vekta av) 1 m koparrøyr.

b) Kor mykje veg 2 m koparrøyr?

Løysing

Vi må dele vekta av dei 5 metrane med koparrøyr på talet på meter, det vil seie 5. Så gongar vi med det talet meter vi skal ha. 2 m koparrøyr veg

1,5 kg5 m·2 m=0,6 kg

VE-3

Prisen på 100 svenske kroner var 94,68 kroner den 9. november 2022. (Vi seier at kursen på 100 svenske kroner var 94,68.) Vi skal finne ut kor mykje det kostar å kjøpe, eller veksle til, 850 svenske kroner.

a) Kva går vi "vegen om 1" med i dette tilfellet?

Løysing

Vi må finne ut kva prisen på 1 svensk krone er. Vi går derfor vegen om (prisen på) 1 svensk krone.

b) Kor mykje kostar 850 svenske kroner?

Løysing

Vi må dele prisen for 100 svenske kroner på 100 for å finne prisen på éi krone. Så gonger vi med det talet på kroner vi skal ha. 850 svenske kroner kostar

94,68 kr100·850=804,78 kr

Vi går ut frå at det ikkje er noko gebyr på vekslinga.

VE-4

Stabel med trevirke. Foto.

5,5 m av ein type trevirke kostar 75,50 kroner. Vi skal finne ut kor mykje 2,40 meter av trevirket kostar.

a) Kva går vi "vegen om 1" med i dette tilfellet?

Løysing

Vi må finne ut kor mykje det kostar med 1 m trevirke. Vi går altså vegen om (prisen på) 1 m trevirke.

b) Kor mykje kostar 2,40 m av trevirket?

Løysing

Vi må dele prisen for 5,5 m trevirke på talet på meter, det vil seie 5,5. Så gongar vi med det talet meter vi skal ha, altså 2,40. Prisen på 2,40 m av trevirket blir

75,50 kr5,5 m·2,40 m=32,95 kr

VE-5

Hjørne på grunnmur i Lecastein. Foto.

Ein grunnmur har lengda 550 cm. Det går akkurat 11 heile blokker av lettbetong på denne lengda. Du skal bygge ein vegg der du bruker 5 slike blokker av lettbetong og ønsker å finne ut kor lang veggen blir.

a) Kva går vi "vegen om 1" med i dette tilfellet?

Løysing

Vi må finne lengda av éi blokk. Vi går altså vegen om (lengda av) 1 blokk.

b) Kor lang blir den nye veggen?

Løysing

Lengda på veggen blir

550 cm11·5=250 cm

Relatert innhald

Å gå "vegen om 1" betyr å finne ut "kor mykje 1 tilsvarer". Her forklarer vi korleis vi reknar ut det, og vi ser på einingspris.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2022

Læringsressursar

Talrekning