Kor mange egg er det på pallane?
Kor mykje får produsenten betalt for egga?
Innleiing
Studer biletet over, som viser to pallar med egg klare for transport. I hønsehuset blir egga samla inn og reingjorde før dei blir lagde i brett (gule på biletet). Bretta blir sette oppå kvarandre i stablar. På ein pall er det plass til eit visst tal stablar ved sida av kvarandre. Desse stablane utgjer ein etasje. I tillegg kan vi setje eit visst tal etasjar oppå kvarandre på pallen.
Bruk biletet og finn ut
kor mange egg det er per brett
kor mange brett det er per stabel
kor mange stablar det er per etasje
kor mange etasjar det er per pall
Fasit
På kvart brett er det 5 6 egg. Det er 6 brett i kvar stabel (6 brett per stabel). Det er 12 stablar i kvar etasje (12 stablar per etasje). Det er 4 etasjar på kvar pall (4 etasjar per pall).
I oppgåvene nedanfor skal vi rekne på kor mange egg som står klare til sal her, og kor mykje produsenten vil få betalt for denne eggleveransen.
1. Kor mange egg er det totalt på pallane?
Det er to pallar.
Tips til korleis du løyser oppgåva.
Rekn først ut kor mange egg det er per brett.
2. Kva får produsenten betalt for desse to pallane med egg?
Eit egg veg i gjennomsnitt 63 gram. Engrosprisen er 20,30 kr per kilo utan meirverdiavgift. Kva blir oppgjeret for desse egga? Meirverdiavgifta (mva.) er 12,5 prosent. Kva blir oppgjeret for egga inklusiv mva.?
Tips til korleis du løyser oppgåva
Finn først vekta på eitt egg i kilogram.
Her kan du til dømes bruke rekneark til å løyse oppgåva.
3. Direktesal
I tillegg til å selje egg til ein grossist sel denne produsenten òg egg direkte frå garden til privatkundar. Eitt brett egg kostar då 70 kroner inkludert mva.
a) Kor mykje får produsenten betalt viss alle egga i oppgåve 1 blir selde direkte til kundane?
Tips til korleis du løyser oppgåva
Bruk tal frå oppgåve 1 om talet på brett per pall.
b) Kor mykje blir beløpet eksklusiv mva.?
4. Kor mange stablar og etasjar?
a) Vi antek framleis at det er 6 brett i kvar stabel. Kor mange stablar blir det på ein pall viss produsenten har 4 000 egg?
Tips til korleis du løyser oppgåva
Rekn ut kor mange egg det er i éin stabel.
Oppgåva kan òg løysast ved å setje opp ei likning.
b) Kor mange etasjar blir dette når det er like mange stablar per etasje som i oppgåve 1?
Tips til korleis du løyser oppgåva
Dette kan løysast på tilsvarande måtar som i oppgåve a).
5. Fleire etasjar gir meir miljøvenleg transport
Transportøren seier det kan vere 5 etasjar på kvar pall. Kor mange egg vil det då bli plass til på pallen?
Tips til korleis du kan løyse oppgåva
Finn først ut talet på egg per etasje.
Løysingar
Oppgåve 1
Sidan det er 30 egg per brett, 6 brett per stabel og så vidare, må vi multiplisere alle tala.
30egg·6·12·4·2=17280egg
Oppgåve 2
Nedanfor kan du laste ned løysinga som eit rekneark.
Dette kan vi gjere på fleire måtar. Vi vil rekne ut talet på brett først. Det finn vi ved å dele det samla talet egg på talet på egg per brett.
17280egg30egg/brett=576brett
Salssummen for alle egga blir
576brett·70kr/brett=40320kr
Utfordring: Finn ein annan måte å rekne deg fram til svaret på.
Legg merke til at vi får riktig måleining på svara viss vi inkluderer måleiningane på tala vi reknar med. I den andre utrekninga kan vi forkorte "brett" mot "brett", og då står vi igjen med "kr".
Oppgåve 3 b)
Her kan vi nytte vekstfaktoren viss vi vil. Sidan meirverdiavgifta er på 12,5 prosent, vil det seie at vekstfaktoren blir
1+12,5100=1,125
I oppgåve a) er meirverdiavgifta inkludert. For å rekne oss tilbake til salspris utan mva. må vi dele på vekstfaktoren. Salsprisen utan mva. blir
40320kr1,123=35903,83kr
Oppgåve 4 a)
I éin stabel er det
30egg/brett·6brett/stabel=180egg/stabel
Talet på stablar blir
4000egg180egg/stabel=22,2stablar
Det blir 23 stablar til 3 000 egg (sjølv om den 23. stabelen ikkje er full).
Alternativ løysing: likning.
Vi set talet på stablar lik x. Vi veit at viss vi multipliserer talet på egg per brett med talet på brett per stabel og talet på stablar, skal svaret bli 4 000. Dette gir likninga
30·6·x=4000180·x180=4000180x=22,2
Oppgåve 4 b)
Her som i oppgåve a) kan vi setje opp ei likning. Men det er kanskje enklast å rekne ut svaret direkte? Vi må dele talet på stablar på talet på stablar per etasje.
22,2stablar12stablar/etasje=1,9etasjar
Oppgåve 5
Vi kan nytte omtrent same utrekning som i oppgåve 1. Talet på egg blir 30egg/brett·6brett/stabel·12stablar/etasje·5etasjar/pall=10800egg/pall
Vi kan òg løyse oppgåva ved å ta utgangspunkt i kor mange egg det er per pall i oppgåve 1 og så rekne ut talet på egg per etasje.
Takk til Edward G. Hagen, Elisabet Selås og Bente Elisabeth Ryen ved Skjetlein videregående skole for idéen til denne oppgåva.