Hopp til innhald

Fagstoff

Definisjon og måleiningar for areal

Kvifor er det 100 kvadratcentimeter i ein kvadratdesimeter når det er 10 centimeter i ein desimeter?
Kvadrat på ruteark. Ilustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi definerer éin kvadratdesimeter, 1 dm2, som arealet, eller flateinnhaldet, av eit kvadrat med sidelengder på 1 dm.

Eit kvadrat med sider 1 cm har eit areal på éin kvadratcentimeter,
1 cm2.

Tilsvarande definerer vi arealer på 1 m2, 1 mm2 osv.

Figuren viser at 1 dm2 svarar til 100 cm2. Det tyder igjen at

1 cm2=1100dm2=0,01 dm2

Vi hugsar samanhengen mellom måleiningar for lengd

1 m=10 dm     1 dm=10 cm    1 cm=10 mm

Omgjering av måleiningar for lengd

2,3 m = 23 dm=2300 mm450 cm= 4,50 m

Når vi set opp måleiningane etter kvarandre som i tabellen nedanfor, kan vi ha som hugseregel at vi må gonge med 10 når vi går éin plass til høgre i tabellen (flytte komma éin plass til høgre), og dele med 10 når vi går éin plass til venstre (flytte komma éin plass til venstre).

m

dm

cm

mm

2,3

23

230

2 300

4,4

45

450

4 500

Omgjering av måleiningar for areal

2,3 dm2 = 230 cm2=23 000 mm2450 cm2=0,0450 m2

Når vi set opp måleiningane for areal etter kvarandre som i tabellen nedanfor, kan vi ha som hugseregel at vi må gonge med 100 når vi går éin plass til høgre i tabellen (flytte komma to plassar til høgre), og dele med 100 når vi går éin plass til venstre (flytte komma to plassar til venstre).

m2

dm2

cm2

mm2

0,023

2,3

230

23 000

0,045

4,5

450

45 000

For større areal har vi også nokre andre måleiningar

1 a = 100 m2 (ar)1 da = 1 mål=10 a=1 000 m2 (dekar)1 ha = 100 a=10 000 m2 (hektar)1 km2 = 1 000 da=1 000 000 m2 (kvadratkilometer)

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Areal og omkrins