Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike pleieplanar

Det finst ulike tiltaksplanar, pleieplanar og omsorgsplanar i pleie- og omsorgstenesta, men innhaldet og måten å tenkje på er felles for alle. Planen kan òg nyttast i andre samanhengar der ein brukar får hjelp.
Person som skriv på ein berbar PC. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er forskjell på ein administrativ og ein pedagogisk pleieplan. Under opplæringa blir det ofte nytta ein pedagogisk pleieplan der du grunngir dei tiltaka du foreslår. Når du grunngir, får du øving i å nytte fagstoff som er relevant for planen.

Administrativ pleieplan

Ein administrativ pleieplan blir nytta til å administrere pleia til ein bestemd brukar. Han består ofte av rubrikkar der ein kan setje inn relevant informasjon.

Tabell med kolonnenamn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under opplæringa må du øve deg i å skrive pleieplanar. Du kan ta utgangspunkt i ein brukar du møter i yrkesfagleg fordjuping (då må du anonymisere – hugs teieplikta), eller du kan ta utgangspunkt i ein beskriven situasjon, ein case.

Pedagogisk pleieplan

Sidan det ikkje går an å evaluere prosessen i ein tenkt plan, inneheld ein pedagogisk pleieplan ein rubrikk som erstattar dette. Du skal grunngi dei tiltaka du foreslår, ut frå fagleg kunnskap som du tileignar deg i løpet av opplæringa.

Tabell med kolonnenamn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Individuell plan er eit verktøy for samarbeid mellom brukaren og dei ulike tenesteytarane. Planen skal ta utgangspunkt i brukaren sine eigne mål og behov.

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2021

Læringsressursar

Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneske