Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Smitteverntiltak

Smittevernlova og forskriftene som høyrer til, beskriv kva tiltak som kan setjast i verk for å førebygge og forhindre smittespreiing i befolkninga. Då koronapandemien ramma Noreg i 2020, vart det sett i verk både nasjonale og lokale tiltak for å avgrense spreiing av smitte.
Ein person i smitteverndrakt utfører koronatest gjennom nasen på ei kvinne i bil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. I smittevernlova er regelverket strengare for allmennfarlege smittsame sjukdommar. Bruk kapittelet for helsepersonell i Smittevernveilederen frå Folkehelseinstituttet til å finne ut kva omgrepet allmennfarlege smittsame sjukdommar inneber.

  2. Kva allmennfarlege smittsame sjukdommar kjenner du til?

  3. Smittevernlova seier at helsepersonell har meldeplikt og unntak frå teieplikta for å forhindre smittespreiing. Kva informasjon kan du dele, og med kven?

  4. Kva plikter har ein person som er smitta med ein allmennfarleg smittsam sjukdom?

  5. Kva seier smittevernlova om bruk av tvang?

  6. Gå inn på lista over sjukdommar i forskrifta om allmennfarlege smittsame sjukdommar hos Lovdata.

    1. Kor mange av sjukdommane der kjende du til frå før?

    2. Kva for nokre av sjukdommane på lista er seksuelt overførbare sjukdommar (kjønnssjukdommar)?

  7. Diskuter med ein medelev:

    1. Kva smitteverntiltak hugsar de frå tida med koronapandemi?

    2. Korleis vart kvardagen dykkar påverka av desse tiltaka?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2023

Læringsressursar

Regelverk og fagleg forsvarlegheit