Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er bioenergi?

Ordet bio betyr "liv". Bioenergi er energi vi hentar ut frå biomasse, eller plantar og dyr, om du vil. Slike materiale kan til dømes vere tre, grasvekstar, tang, mais, avføring frå dyr eller hogstavfall.

Korleis bruker vi energien i biomassen?

Det er ikkje berre til oppvarming vi utnyttar energien i biomassen, det er mogleg å bruke han til å produsere elektrisitet òg. Bruk av bioenergi i form av flytande drivstoff og gass som vi oppnår gjennom fermentering og andre kjemiske prosessar, er også relevant.

Menneska si første energikjelde

Bioenergi er menneska si første energikjelde. Så lenge vi har kunna lage eld, har mennesket brukt biomasse til å lage bål for å skaffe seg lys og varme og halde farlege dyr på avstand. Dessutan har vi utnytta kreftene til dyra til å trekkje vogner, plogar og møller. Dyra brukte då energien dei fekk frå plantar, til å drive arbeid.

Opphavet til bioenergi: fotosyntesen

Sola er hovudkjelda til dei fleste fornybare energikjeldene på jorda, dette gjeld for bioenergi òg. Det er fordi sollyset er drivkrafta bak fotosyntesen til plantane. Gjennom ein kombinasjon av vatn, CO2 og sollys lagar plantane karbohydrat og oksygen. Karbohydrata blir brukte som energilager i planten.

Vi seier at bioenergi er CO2-nøtryal fordi CO2-en som blir brukt av plantane i fotosyntesen, blir sleppt ut igjen når plantane døyr. Men om prosessen eigentleg er CO2-nøytral, er ei anna sak, som du kan lese om i artikkelen om bioenergi og miljø. Uansett har all biomasse opphavet sitt i fotosyntesen, altså er bioenergi lagra solenergi.

Kva er biobrensel?

Biobrensel er eit brennbart stoff som har utgangspunktet sitt i biomasse, i motsetning til fossilt brensel. Biobrensel blir delte opp i tre grupper etter om dei er faste, flytande eller i gassform. Ved eller brikettar, til dømes, er fast, brennbart materiale som vi kan kalle biobrensel. Men trekkdyr, som vi nemnde i innleiinga, er ikkje eit døme på biobrensel.

Bruksområde for bioenergi

  • Oppvarming er det vanlegaste bruksområdet for bioenergi i Noreg. Ein kan brenne ved i private hus eller avfall i fjernvarmeanlegg.

  • Biodrivstoff er drivstoff laga av biomasse. Ofte er det meir miljøvenleg enn drivstoff frå fossile kjelder, men dette er noko dei lærde stridest om.

  • Biogass kan ein framstille av husdyrgjødsel på gardar. Han kan brukast til oppvarming eller drivstoff, i tillegg til at bonden får god gjødsel.

  • Hydrogen er eit miljøvenleg drivstoff som ein kan framstille av biomasse.

  • Kjemikaliar som vanlegvis blir framstilte av fossile kjelder, kan også lagast ved hjelp av biomasse.

  • Materiale til å lage møblar av er eit anna bruksområde for biomasse.


Refleksjonsspørsmål

Kilde

UngEnergi. (2022, 12. januar). Hva er bioenergi. https://ungenergi.no/energikilder/bioenergi/hva-er-bioenergi/

CC BY-NC-SARettshavar: UngEnergi
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022

Læringsressursar

Bioenergi