Hopp til innhald

Fagstoff

Sosiale arenaer

Mediekulturen har langt på veg endra vilkåra for sosialiseringa av barn. Særleg har TV og internett fått ei vesentleg sosialiserande rolle. Barn lærer sosiale ferdigheiter gjennom det dei ser på TV- og dataskjermen, til dømes å samarbeide og forstå andre.
Logoer av sosiale medier. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Endra mediekvardag

Mediesituasjonen har ført til at kunnskap og verdiar blir overførte frå dei vaksne til dei yngre på nye måtar. Unge menneske blir i høg grad informerte og inspirerte av det dei finn i media.

I tillegg til dei vanlege sosiale arenaene, som heimen, barnehagen, skulen og fritidsaktivitetane, har media gitt barn nye sosiale arenaer:

Sosiale medium

Twitter, Facebook, SnapChat, Flickr, YouTube og personlege bloggar blir stadig viktigare for oss. Her "møter" vi vener, kjende og ukjende heile tida. I tillegg finst det diskusjonsforum av alle slag.

TV

Mange TV-seriar verkar samlande på familien. Ikkje minst gjeld det konkurransar som Skal vi danse?, Jakten på kjærligheten, Mesternes mester, Farmen og så vidare. Barna diskuterer ofte programma seg imellom, og med foreldra.

Chattekanalar

På pratekanalane, eller chatte-kanalane, på nettet kan barn vere anonyme eller ta på seg ein annan personlegdom. Til dømes kan dei velje om dei vil stå fram som gut eller jente. Her kan barna fortelje eller spørje om ting dei ikkje vågar å ta opp på skulen eller heime. Her kan dei òg få tilbakemeldingar på ting dei lurer på.

Mobiltelefonar

Avanserte mobiltelefonar har på kort tid blitt ein viktig del av kvardagen til barna. Telefonen blir nytta til å gjere avtalar, spele spel og utveksle informasjon. SMS-ar og bilete flyg fram og tilbake i høgt tempo. Telefonen er med på å knyte dei unge saman og knyter òg dei unge saman med familien.

Utfordringar til deg

  1. Kva er meint med at mediekulturen langt på veg har endra vilkåra for sosialiseringa av barn?
  2. Gjer deg kjend med Twitter, Facebook, Snapchat, Flickr, YouTube og personlege bloggar. Gjer greie for korleis barn og unge nyttar dei.
  3. Kva for sosiale medium nyttar du? Kva nyttar du dei til, og kvifor?
  4. Intervju barn i ulike aldrar om kva pratekanalar dei nyttar.
  5. Når bør barn få mobiltelefon?
CC BY-NC-SASkrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 03.04.2018

Læringsressursar

Arbeid med barn, unge og ulike medium