Hopp til innhald

Fagstoff

God service

På vg1 lærte du sikkert kva som inngår i den totale serviceopplevinga. Som ein repetisjon kan du sjå denne filmen og svare på spørsmåla.
  1. Kva slags personleg service synest du servitøren gav i denne filmen? Grunngi svaret ditt.

  2. Kva er materiell service? Kom med døme på materiell service som du såg i filmen.

  3. I kontakten mellom restauranten og gjestane oppstår "sanningas augneblink" fleire gonger. Kva meiner vi med "sanningas augneblink"?

  4. Korleis synest du servitøren handterte situasjonen med gjesten som klaga over at det ikkje var omelett på menyen? Korleis ville du ha løyst ein slik situasjon?

  5. Forklar kva som blir meint med "bedriftas ansikt mot omverda"? Korleis synest du denne servitøren fungerte som bedriftas ansikt mot omverda?

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2021

Læringsressursar

Service og gjestebehandling