Hopp til innhald

Fagstoff

Gjestar med spesielle behov

I utgangspunktet har alle gjestar spesielle behov. Alle er ulike og har ulike behov og ønske. Her skal vi sjå på nokre situasjonar du som servitør kan forvente, og gi tips om kva du kan gjere.
Smilande servitør i open inngangsdør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Synshemma

Møter du ein gjest som nyttar kvit stav eller har førarhund, skal du ta verbal kontakt med ein gong, slik at vedkomande veit at du er til stades og er tilgjengeleg. Gjesten er på ein ny stad og kjenner ikkje til korleis møblar er plasserte, eller kvar dørene er. Ein synshemma gjest føretrekkjer opne dører og gangar eller passasjar utan hindringar.

Gi gjesten ei tydeleg beskriving av omgivnadene. Følg gjesten til bordet, toalettet eller andre stader han eller ho ønskjer å nytte under opphaldet. På denne måten blir det enklare for gjesten å finne fram på eiga hand seinare.

Person med førarhund. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Høyrslehemma

For høyrslehemma gjestar er det viktig med tydeleg tale og augekontakt, slik at de kan bli einige om ein eigna måte å kommunisere på. Dei fleste høyrslehemma nyttar teiknspråk. Mange er òg trente til å lese på munnen. Derfor er visuell kontakt med deg viktig.

I dei fleste tilfelle vil penn og papir vere den viktigaste reiskapen for kommunikasjon.

Generelle tilfelle

Funksjonshemma som er avhengige av assistanse, har ofte med seg følgje. Det er likevel viktig at du som servitør får fram at du er tilgjengeleg viss dei treng ytterlegare hjelp.

Eldre menneske som har problem med å gå, familiar med små barn og ungdomsgrupper – alle ønskjer dei å bli tekne imot på ein positiv måte. Det er lett å tenkje at eldre menneske berre klagar og er til bry, at familiar med små barn lagar mykje støy, og at ungdomsgrupper fort oppfører seg slik at andre gjestar klagar. Derfor er det viktig at vi allereie når gjestane kjem, sender signal om at alle er velkomne. Då hjelper det godt med eit positivt kroppsspråk. Hugs berre at vi ikkje alltid kan ha det same kroppsspråket overfor eldre menneske som overfor ungdommar!

Smilande servitør set drikke på bordet til to gjestar på kafé. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framandspråklege gjestar

Møter du ein gjest som ikkje ser ut til å forstå deg når du snakkar på norsk, bør du prøve å snakke til han eller ho på engelsk. På denne måten kan du få kunnskap om nasjonaliteten til gjesten. Ofte tek vi det for gitt at gjestar med utanlandsk utsjånad ikkje snakkar norsk. Det stemmer sjølvsagt ikkje alltid! Derfor er det viktig å avklare det før vi går vidare med samtalen.

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor
Sist fagleg oppdatert 01.06.2021

Læringsressursar

Service og gjestebehandling