Hopp til innhald

Fagstoff

Medverknad og lovverket

Medverknad er sentralt i arbeid med barn og unge. Lovverket legg vekt på at barn og unge skal ha medverknad i kvardagen sin. Vaksne har ansvar for å arbeide slik at barn får oppleve at dei har reell innverknad og påverke det som gjeld dei i kvardagen.
To smilande jenter sit saman i klasserommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medverknaden til barn og lovverket

Barnets beste skal alltid vere eit grunnleggjande omsyn i alt arbeid med barn og unge. Med utgangspunkt i paragraf 12 i FNs barnekonvensjon, som handlar om retten barn har til medverknad, har både barnehage, skule og SFO dette nedfelt i lovverket. Vi finn retten til barn til medverknad både i paragraf 1 og paragraf 3 i barnehagelova, i rammeplanen for barnehagen og i den nye rammeplanen for SFO. I skulen blir medverknaden og medansvaret til eleven omtala i føremålsparagrafen og under demokrati og medverknad i den overordna delen. Dette viser oss at i arbeid med barn og unge er vi forplikta til å la barn medverke i kvardagen. Vi skal utvikle eit miljø der barn kan nytte og utvikle evnene sine til å samarbeide med andre.

Medverknaden til barn handlar om at barn har rett til å uttale seg om forhold som har noko med dei å gjere, og at vi skal leggje vekt på synspunkta til barnet i samsvar med alderen og modenheita til barnet. Dei har rett til å gi uttrykk for meiningane sine i alle forhold som har noko med dei å gjere, og dei skal bli høyrde. Vi skal leggje til rette for at alle barn får moglegheit til å delta aktivt i planlegging, gjennomføring og vurdering av verksemda.

Likeverd

Medverknaden til barn byggjer på forståinga om at vi alle er likeverdige, og at alle skal ha innverknad på sitt eige liv. I arbeid med barn og unge handlar det om at vi vaksne må sjå på barn som likeverdige menneske med rett til å ha eigne kjensler, tankar og meiningar. Vi skal møte dei med respekt og anerkjenning. Vi skal ikkje bestemme og kontrollere kvardagen til barn, og vi skal heller ikkje definere kva dei skal føle eller tenkje. Vi skal samspele med barna i ulike prosessar i kvardagen. Desse prosessane kan vi ikkje vite utfallet av på førehand, fordi alle stemmene i fellesskapen, både barn og vaksne sine stemmer, påverkar dei.

I samspelet med andre skal barn og unge få moglegheit til å medverke og ha medbestemmingsrett. Det er altså noko som blir gjort i fellesskap med andre. Det betyr ikkje at barn skal bestemme sjølve, ta val og vere ansvarlege for konsekvensane av vala, men dei skal få vere med å bestemme og verke saman med andre i ein fellesskap.

Medverknad skal vere ein del av kvardagen til barn, her og no. Det er ei grunnleggjande oppgåve og eit ansvar du har når du arbeider med barn og unge. Medverknad i kvardagen skal bidra til at barn får forståing for og erfaring med dei demokratiske prosessane vi har i det demokratiske samfunnet vårt. Her tel stemma di, samtidig som du tek omsyn til verdiane, normene og reglane i fellesskapen og utviser dømmekraft når du ytrar deg og samhandlar med andre i ulike samanhengar.

Retten foreldre har til medverknad

Foreldre til barn i barnehage, skule/SFO, bustad og klubb har rett til brukarmedverknad uavhengig av føresetnadene, bakgrunnen eller den sosiale og kulturelle tilhøyrselen deira. Vi må vite kva oppfatningar foreldre eller føresette har om barnet, og kva dei ønskjer for det, og vi har ansvar for å bli kjende med og skape gode relasjonar til foreldre og føresette. Gode relasjonar kan bidra til at foreldra opplever at dei trygt kan formidle tankane og meiningane sine til oss.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr medverknad?

  2. Kva har medverknad å seie for deg på skulen?

  3. Kvifor skal barn og unge medverke i kvardagen sin?

  4. Kva står det om medverknaden til barn i paragraf 1 og paragraf 3 i barnehagelova?

Relatert innhald

Kjelder

Barnehagelova. (2005). Lov om barnehager (LOV-2005-06-17-64). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2005-06-17-64

Kristiansen, T. (2019). Medvirkning i barnehagen. I M. H. Frønes & V. Glaser (Red.). Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 49–61). Universitetsforlaget.

Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (LOV-1998-07-17-61). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1998-07-17-61

Regjeringen. (2000). FNs konvensjon om rettane til barnet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/barnekonvensjonen-kortversjon-norsk/id87582/

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2021

Læringsressursar

Brukarmedverknad og medbestemming