Hopp til innhald

Fagstoff

Marco Elsafadi om brukarmedverknad

I videoen frå NRK fortel Marco Elsafadi om kvifor det er viktig at barn og unge har medverknad. Sjå videoen, og reflekter over det han seier, og kva medverknad og medråderett får å seie for rolla di som profesjonell fagarbeidar.

Oppgåver

  1. Kvifor er medverknad og medbestemming viktig for oss menneske?

  2. Kvifor er det viktig å bry seg om menneske, og kva betyding har det med tanke på brukarmedverknad?

  3. Kvifor er det viktig å ha eigarskap til dei ulike prosessane vi deltek i?

  4. Kvifor skal vi ikkje styre og kontrollere andre?

  5. Korleis kan du som profesjonell fagarbeidar bidra til at menneske du møter, opplever at dei har medbestemming og medverknad?

  6. Korleis kan du hjelpe andre til å ta gode val i eige liv?

CC BY-SASkrive av Siv Stai. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021

Læringsressursar

Brukarmedverknad og medbestemming