Hopp til innhald
Fagartikkel

Oppspenning av verktøy og arbeidsemne

Ein fres har store krefter og kan rotere med høgt turtal. Det er derfor viktig at du festar både verktøy og arbeidsemne godt før du bruker maskina.

Oppspenning av verktøy

Verktøyet kan festast med ulike metodar. Her vil vi forklare dei vanlegaste oppspenningsmetodane for dei ulike verktøya.

Planfresar

For planfresar er fresehovudet som oftast skrudd fast direkte på haldaren, medan dei enkelte skjera er skrudde fast på fresehovudet.

Pinnefresar

Pinnefresane finst i mange ulike storleikar. For å feste desse er det vanlegast å bruke ein spesiell, kraftig hylsekjoks med spennhylser som er tilpassa den pinnefresen du skal montere.

Ein hylsekjoks består av ein kjoks, ei spennhylse og ein spennmutter. Klikk på symbola i biletet for å lese meir om dei ulike komponentane – eller les fagteksten under biletet.

Spennmutter

Spennmutteren blir brukt til å stramme hylsa. Spennmutterane kan ha ulik utforming. På mindre hylsekjoksar har han gjerne ei sekskanta utforming, medan på større hylsekjoksar må du bruke spesielle hakenøklar for å stramme spennmutteren.

Spennhylse

Spennhylsene finst i mange ulike dimensjonar og diameterar, og det er viktig at du bruker ei spennhylse med ein indre diameter som samsvarer med det skjereverktøyet du skal montere.

Spindel

Spindelen er kopla til motoren på fresen og roterer når motoren er i gang.

Oppspenning av arbeidsemne

Arbeidsemnet kan festast på ulike måtar avhengig av forma på arbeidsemnet og arbeidet du skal utføre.

Det vanlegaste er å feste arbeidsemnet til fresebordet med ei maskinstikke.

Eit anna alternativ er å bruke spennhylser eller spennjern for å montere arbeidsemnet direkte på fresebordet.

Viss du skal utføre spesielle freseoperasjonar, kan arbeidsemnet også festast på spesialutstyr som er tilpassa freseoperasjonen, til dømes eit roterande fresebord eller eit delehovud.

CC BY-SA 4.0Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2023