Hopp til innhald

Fagstoff

Mekanisk sammenføyning

Mekanisk sammenføyning inneber mange tradisjonelle metodar som er brukte i handverks- og metallbearbeidende industri.
Tre vanlege skruar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mekanisk feste

Dei siste 50 åra har vi sett at desse meir og meir har vorte erstatta av ulike sveisemetoder. Men på grunn av auka bruk av belagt aluminium og utherdbare aluminiumlegeringer har dei igjen vorte meir interessante.

Med mekanisk sammenføyning meiner vi metodar som:

  • bolting
  • skruing
  • nagling
  • klinking

Sidan forbindelsen ikkje krev smelting eller oppvarming i det heile, vil eigenskapane til materialet ikkje bli påverka. Med andre ord vil ein unngå tap av fastleik i varmepåverka soner, slik som ved sveising. Dessutan vil ein kunne føye saman aluminium med ulike metalliske og ikkje-metalliske materiale.

Ekstruderte profilar

Mekanisk samanføying består òg av forskjellige festemekanismar laga under ekstrudering av profilar. Profilane blir hekta saman i leddforbindelsar eller som låste forbindelsar med mothakar.

Dersom ein set saman forskjellige materiale, må ein først vurdere miljøet materiala skal vere i, om det vil oppstå korrosjon på grunn av forskjellig edelheit eller tronge spalter.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2023

Læringsressursar

Mekanisk sammenføyning