Lodding
Slaglodd
Når du loddar, forbind du to metall med kvarandre ved å bruke eit metallisk bindemiddel. Dette bindemiddelet kallast slaglodd. Slagloddet har ei anna legering enn metalldelane som skal loddast saman.
Slaglodd finst som pasta, tråd og plate. Tråden eller platene deler du opp i små bitar. Ved å varme opp gjenstanden og slagloddet med ein loddepistol, smeltar slagloddet og flyter inn i samanføyinga.
Arbeidstemperaturen til slagloddet er den temperaturen som må til for at slagloddet skal smelte, utan at metallgjenstanden du jobbar på, smeltar. Slagloddet må ha ein arbeidstemperatur på minst 50 °C lågare enn legeringa på gjenstanden som skal loddast.
Fluss- og antiflussmiddel
Formålet med å bruke eit flussmiddel er å dekkje metalloverflata med eit middel som hindrar oksygen å kome i kontakt med metallet under oppvarming, og å gi slagloddet betre flyteevne.
Loddepistol
Det finst fleire ulike typar loddepistolar. Dei to vanlegaste er propanbrennar og propan-/oksygenbrennar.
Lodding er kanskje den viktigaste teknikken gullsmedar bruker for å forbinde metalldelar. Vi kan dele loddeprosessen inn i før, under og etter lodding.
Før lodding
Du må gjere nokre førebuingar for å få til ei vellykka lodding:
- Gjer klart riktig verktøy og loddeunderlag for det metallet du skal lodde.
- Tilpass delane nøye. Pass på at dei er reine, og at dei har kontaktflate der dei skal loddast saman. Viss dei ikkje har det, vil ikkje slagloddet flyte over til den andre sida av samanføyinga. Er det eit mellomrom som slagloddet må mure igjen, kan du risikere at det oppstår porer og skjoldar.
- Bruk loddetonga til å halde delane på plass.
- Gjer klart slagloddet ved å klippe det opp i tilpassa bitar.
- Pensl flussmiddel på både arbeidsstykket og slagloddbitane.
Under lodding
Det er viktig å vere nøye i loddeprosessen for at resultatet skal bli bra. Dårlege loddingar kan gi dårleg kvalitet på ein gjenstand, både teknisk og i utsjånad.
- Varm opp gjenstanden. Større arbeid krev større flamme. Dette gjeld spesielt viss du skal lodde med sølv, på grunn av dei varmeleiande eigenskapane til sølvet.
- Når vatnet i flussmiddelet har kokt ut, vil det leggje seg og flyte ut. Når det byrjar å trekkje seg saman, er temperaturen oppe i 7–800 ºC, og det er riktig temperatur å tilsetje slagloddet.
- Slagloddet vil trekke seg mot varmen, så tilset det på motsett side av der flammen kjem inn.
Etter lodding
- Fjern varmen med ein gong slagloddet har flote ut. Viss du held fram oppvarminga, kan slagloddet ete seg inn i metallet og gjere loddeskøyten porøs.
- La arbeidet liggje og kjøle seg i nokre sekund før du avkjøler det i vatn. (Ikkje bruk vatn viss det er steinar i produktet. Då må arbeidet bli luftavkjølt for å unngå at steinane blir sprengde.)
- Legg arbeidet i ei sur væske som etsar vekk restar av flussmiddelet og oksidering etter loddinga. Ei vanleg blanding er 10–20 % svovelsyre og resten vatn. Det er viktig at væska står under avtrekk og helst i nærleiken av vatn.
- Når flussrestane og oksid er etsa bort, tek du opp arbeidet og skyl det godt med rennande vatn.
- Arbeidet kan børstast med ei messingbørste og er klart for nye loddingar eller vidare omarbeiding.
Filer
- Problem ved lodding?(PDF)