Hopp til innhald

Fagstoff

Eigenskapane til aluminium

Visste du at aluminium omgir deg på alle kantar? Og det er ikkje berre i form av lette produkt og konstruksjonar som leskedrikkboksar, raske bilar og katamaranferjer.
Tomme bokser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Så godt det kan vere med ein leskedrikk iblant!

For å kunne transportere og selje ein leskedrikk må han puttast i ei eller anna form for emballasje. Emballasjen må kunne ta vare på innhaldet så det ikkje blir øydelagt eller renn ut. Han skal ikkje vere for tung, så han er lett å handtere og transportere. Andre krav vi set, er at han skal vere lett å opne, og at han er tiltalande av utsjånad. Vi er òg opptekne av at emballasjen skal kunne resirkulerast.

Ein aluminiumsboks oppfyller alle desse krava!

Har du lurt på korleis ein slik aluminiumsboks blir produsert?

Bedrifta får metallet i lange band på store rullar. Godstjukna er berre 0,33 mm. Først blir det stansa ut ei sirkelrund plate. I ein maskin blir han trekt ut til boksform, men han manglar framleis lokk. Etter at kantane er skorne rette, blir boksen reingjord og lakkert både innvendig og utvendig. Lakken innvendig skal verne metallet mot korrosjonsangrep frå innhaldet. Utvendig skal lakken gjere boksen tiltalande og fortelje oss kva som er inni. På bryggjeriet blir boksane fylte med leskedrikk, og lokket blir sett på ved hjelp av ein falsemaskin. Lokket blir levert frå fabrikken med ferdig ring for opning.

Sammenpressede aluminiumsbokser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor er aluminium blitt så populært?

Aluminium det metallet det finst mest av på jorda. I jorda finst det somme stader så store mengder aluminium at det er lønnsamt å vinne ut. Det trengst mykje energi, men då passar det godt å gjere det i Noreg, der vi har vasskrafta som gir oss billig straum.

Det er spesielt i produkt og konstruksjonar der vektreduksjon er viktig, at aluminium er føretrekt. Bustadmodular offshore er eit godt eksempel på korleis vektreduksjon på konstruksjonsdelar kan gi plass til meir nyttelast. I Noreg har vi framståande bedrifter som lagar både bildelar, katamaranferjer, bruer og bustadmodular i aluminium.

Aluminiumsfelg til bil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Materialeigenskapar

På kjøkkenet har du kanskje kasserollar av aluminium. Dei leier godt varmen frå kokeplata oppover veggene i kasserollen, slik at innhaldet får varmen frå fleire sider. Men pass på at saltvatn ikkje blir ståande lenge. Det same gjeld veldig sure eller veldig basiske væsker (sitron eller sterke vaskemiddel). Desse tærer på aluminiumet. Ved riktig bruk har aluminium store fordelar der vanleg stål korroderer. Til slutt kan vi nemne alle moglegheitene med forming av profilar, forming og samanføying av aluminiumlegeringar.

Steikepanne. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Aluminium er materialet for framtida og moglegheitene. Når nye produkt og konstruksjonar skal designast, blir kreativiteten vår sett på prøve. Ved fabrikasjon blir dei faglege ferdigheitene våre sett på prøve. La oss ta utfordringa!

Aluminiumslegeringar

Det finst mange ulike produkt laga i aluminium som har sine spesielle eigenskapar. Vi byggjer ikkje fly av same materialet som folien blir laga av. Gjennom å tilsetje små mengder av magnesium, silisium, sink eller kopar til aluminiumssmelta, vil eigenskapane til det utstøypte produktet endrast. Type og mengd av legeringselement er avgjerande. Vi kan på denne måten lage fleire forskjellige legeringar med sine spesielle eigenskapar.

Korrosjon

Som for alle andre metall og metallegeringar er det viktig at det blir brukt riktig material til formålet, elles oppstår tæring, også kalla korrosjon.

Aluminium blir brukt i mange miljø. I båtar er metallet i kontakt med salthaldig havvatn. Hustak blir utsette for røyk, gass og sur nedbør. Transporttankar skal kanskje innehalde kjemikaliar. I bensintankar oppstår kontakt mellom bensin og aluminium.

Hurtigbåt i full fart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aluminiumlegeringar har ulik korrosjonsmotstand. Nokre kallar vi sjøvatnbestandige. Andre må beskyttast med eit forsterka oksidsjikt (anodisering) eller med lakkering, anten fordi miljøet er krevjande, eller fordi vi vel å bruke ei legering med stor fastheit og gir avkall på korrosjonsmotstanden.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2019

Læringsressursar

Aluminium