Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag eit metallskrin

Lær å lage ei enkel verktøykasse! Fire korte instruksjonsvideoar vil hjelpe deg å få eit godt resultat.

Del 1: Botnkassa

I videoen nedanfor finn du ein gjennomgang av arbeidsteikninga du treng for å lage metallskrinet. Du får også forklart klipping og knekking av botnkassa.

Viktig

  1. Sjekk før klipping at måla stemmer.

  2. Bruk høgderissar og marker kvar du skal knekke opp sidene på plata.

  3. Bruk planskive og magnet for å sikre at stålplata står støtt når du bruker høgderissaren.

  4. Knekk opp sidene med plateknekkaren. Hugs at undervangen må vere heilt oppe når plata er mindre enn 1 mm tjukk.

Del 2: Endelokka (endeplatene)

I videoen nedanfor får du forklart korleis du klipper og knekker endelokka (endeplatene) til skrinet.

Viktig

  1. Bruk høgderissar og marker kvar du skal knekke opp sidene på plata.

  2. Bruk blekksaks og klipp vekk dei små firkantane i hjørna slik at det blir mogleg å knekke sidene.

  3. Knekk opp langsida først.

  4. Når du knekker opp kortsidene, må du passe på at du ikkje øydelegg kanten på langsida. Plasser derfor arbeidsstykket slik at kanten på langsida kjem på utsida av overvangen.

  5. Før du knekker opp den siste kanten, må du prøve endelokket i kassa for å sjå om det er plass til det.

  6. Punktsveis endelokka fast til botnkassa. Kontroller at platene er kant i kant før du set sveisepunkt.

Del 3: Lokket

I videoen nedanfor får du forklart korleis du klipper og knekker topplokket til skrinet.

Viktig

  1. Bruk måla i arbeidsteikninga og rekn ut kor høg kanten skal vere.

  2. Bruk høgderissaren og lag knekklinjene.

  3. Bruk blekksaks og klipp vekk dei fire små firkantane i hjørna slik at det blir mogleg å knekke sidene.

  4. Snu kassa opp-ned og set ho oppå lokket. Sjekk no at alle knekklinjene på lokket ligg på utsida av kassa. Då kan du vere sikker på at det ferdige lokket passar til kassa.

  5. Knekk opp den eine langsida først, deretter dei to kortsidene. Sett lokket på kassa for ein kort sjekk før du tek den siste langsida.

  6. For å unngå å øydelegge kantar når du knekker opp den siste langsida, bruker du eit avstandsstykke som er høgare enn sidekantane. Avstandsstykket legg du akkurat der knekkinga kjem. Då vil overvangen treffe avstandsstykket og ikkje kantane på lokket.

Del 4: Handtaket

Skrinet ditt treng eit handtak. I videoen nedanfor får du forklart korleis du lagar handtaket.

  1. Bruk arbeidsteikninga og finn lengde og breidde på plata du skal klippe.

  2. Bruk høgderissaren og lag knekklinjer som vist i arbeidsteikninga. Denne gongen skal du lage linjer på begge sider av plata.

  3. Still undervangen ned tilsvarande ca. to gonger platetjukna og brett kantane på langsidene heilt rundt.

  4. Viss du klemmer kantane flate, blir handtaket mykje betre å halde i. Bruk overvangen til å klemme kantane heilt ned. For eit ekstra fint resultat kan du i tillegg bruke ei hydraulisk presse.

  5. Så lagar du sjølve handtaket. Igjen skal undervangen stillast ned ca. 2 mm (dobbel platetjukne). Start med den eine enden av plata: Først legg du plata med undersida opp og lagar ein 90 gradars knekk ved den inste knekklinja. Så snur du plata slik at ho ligg med oversida opp, og lagar ein 90 gradars knekk ved den ytste knekklinja.

  6. Deretter gjer du det same med den andre enden av plata. Her må du bruke avstandsstykke når du lagar den siste knekken.

  7. Det er viktig at handtaket kjem midt på lokket i både lengde- og breidderetning. Finjuster plasseringa med linjal og marker på lokket kvar handtaket skal vere. Punktsveis til slutt handtaket på lokket.

  8. Viss du vil, kan du forsterke skrinet med små plater som du punktsveisar i hjørna.

CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2023

Læringsressursar

Tynnplater i metall