Fagartikkel
Batteri
Batteri er ein genial måte å lagre energi på. Her er det kjemisk energi som kan omformast til elektrisk energi når ein treng straum. Sidan det første galvaniske element, har batteria blitt svært mykje mindre og meir effektive, men ikkje meir miljøvennlege.
- 1800 – Den italienske vitskapsmannen Alessandro Volta fann opp det første kjemiske batteriet.
- 1859 – Det første oppladbare blybatteriet blei laga av den franske fysikaren Gaston Planté.
- 1890 – Porsche bygde dei første bilane sine. Desse var faktisk elektriske! Porsche brukte blybatteri i bilane sine.
- 1899 – Svenske Waldemar Jungner finn opp Nikkel-kadmium-batteriet (NiCd). Dette batteriet er også oppladbart, men det har ein høgare energitettleik og er meir robust enn blybatteriet.
- 1980 – Først no kjem dei moderne batteritypane. Vi får etter kvart nikkel-hydrogenbatteri (NiMH -nikkel-metallhydrid) og litiumbatteri (Li).
Relatert innhald
For å lage ei galvanisk celle treng vi to forskjellige metall og ein elektrolytt. Spenninga mellom to metallelektrodar er avhengig av kvar metalla er plasserte i spenningsrekkja.
Jo større avstand det er mellom dei i spenningsrekkja, desto større blir spenninga.
Eit batteri består av fleire galvaniske celler/element.
Bruk spenningsrekkja under til å føreseie kva som skjer viss til dømes jern-metall (Fe) og koppar-ion () kjem i kontakt med kvarandre.
Vel eitt metall i kolonna til venstre og klikk på eitt metall-ion i kolonna til høgre for å sjå om det kan overførast elektron.
Trudde du rett?