Hopp til innhald

Fagstoff

Utskiljing hos virvellause dyr

Enkelte dyregrupper kan skilje ut avfallsstoff og overflødige ion direkte gjennom kroppsoverflata. Dei fleste fleircella dyr har likevel spesialiserte ekskresjonsorgan som sørgjer for utskiljing. Det er stor variasjon i utforminga av ekskresjonsorgana, men prinsippa er dei same.

Eincella dyr skil ut stoff gjennom cellemembranen

 Celle har form med uregelmessige buktingar. Nyreforma struktur forbunde med piler går gjennom cella, møter ein annan struktur som den smelter saman med, før han går til ytterkanten av cella og slepper ut mange mindre strukturar. Illustrasjon.

Eincella dyr manglar ekskresjonsorgan og skil ut avfallsstoff anten direkte gjennom cellemembranen eller ved eksocytose. Eksocytose er aktiv transport der store molekyl eller partiklar blir frakta ut gjennom cellemembranen ved at små membranblærer (vesiklar) blir snørte av frå membranen.

Eincella dyr som lever i ferskvatn, tek opp vatn fordi cella har ein mykje høgare konsentrasjon av løyste stoff enn det omgivnadene har. For å kunne bevare balansen mellom vatn og løyste stoff pumpar dei ut overskot av vatn ved hjelp av pulserande vakuolar.

Virvellause dyr utan ekskresjonsorgan

Teikning og bilete av hydra. Illustrasjon.

Enkelte grupper av vasslevande , mellom anna svampar, og , manglar ekskresjonsorgan. Hos desse blir stoff skilde ut ved transport til tarmkanalen og vidare ut til omgivnadene, eller ved transport direkte gjennom kroppsoverflata.

Fleire celler gir fleire behov

I organismar som er bygde opp av fleire celler og organ, er det behov for organsystem som kan ta seg av ulike oppgåver, mellom anna utskiljing av avfallsstoff. Nefridium og malpighiske røyr er døme på meir utvikla ekskresjonssystem.

Nefridium – røyrforma kanalar ut til omgivnadene

Nefridium er den vanlegaste typen ekskresjonsorgan hos virvellause dyr. Dette er røyrforma kanalar som har opningar til omgivnadene i form av porer på kroppsoverflata til dyret. Vi skil mellom to hovudtypar:

  • protonefridium

  • metanefridium

Protonefridium – flammeceller som lagar væskestraum

 Flattrykt organisme med kvitt mønster som førestiller ekskresjonssystemet. Utsnitt viser detaljar i ekskresjonssystemet. Illustrasjon.

Protonefridium finst hos dyr som manglar ei , mellom anna flatormar og . Vanlegvis har protonefridia mange forgreiningar. Den indre enden av kvart røyr er lukka og består av ein laukforma struktur som blir kalla ei flammecelle. Flammecellene har flimmerhår som slår med kontinuerlege bevegelsar. Dette skaper ein væskestraum som syg vatn med avfallsstoff ut av kroppen. Røyra endar i porer på kroppsoverflata, der avfallsprodukta blir skilde ut.

Metanefridium – røyr som reabsorberer

 Tverrsnitt av meitemark viser ekskresjonsorgan forma som trompetar. Illustrasjon.

Metanefridium finst hos mange virvellause dyr, mellom anna leddormar, mange blautdyr og enkelte leddyr, som alle har ei ekte kroppshole. Metanefridia består av ikkje-forgreina røyr som er opne i begge endar. Væska frå kroppshola blir leidd inn i nefridia. Deretter blir væska transportert gjennom slyngde røyr som er omgitt av blodkapillar. Der blir samansetjinga endra av væska. Nyttige stoff som glukose, aminosyrer og vatn blir reabsorberte, mens avfallsstoff blir skilde ut via porer på kroppsoverflata til dyret. Denne moglegheita finst ikkje i flammecellene i protonefridia, og metanefridia er derfor eit meir utvikla ekskresjonssystem.

Diffusjon

I tillegg til å skilje ut avfallsstoff ved hjelp av nefridium kan mange artar i desse dyregruppene kvitte seg med avfallsstoff gjennom huda ved diffusjon. Det vil vere høgare konsentrasjon av stoff på innsida av organismen enn det er utanfor. Dette fører til at stoff passivt beveger seg gjennom membranen.

Malpighiske røyr

 Bie med synlege indre organ. Illustrasjon.

Insekt og andre landlevande leddyr har malpighiske røyr som er i kontakt med tarmen. Talet på røyr kan variere frå to til fleire hundre, og kvart røyr har opning inn til tarmen.

Nitrogenhaldige avfallsstoff og ein del andre stoff blir transporterte passivt inn i dei malpighiske røyra ved diffusjon, mens ion må overførast ved hjelp av aktiv transport. Når insekt har lite tilgang på vatn, blir vatn og ion reabsorberte frå tarmen, og urinsyra blir skild ut som ein tjukk pasta eller eit pulver. På denne måten sparer insekta på det verdifulle vatnet. Utviklinga av malpighiske røyr er truleg ei tilpassing til eit liv på land.

Insekt er ikkje i stand til å lage eit filtrat av kroppsvæska, slik virveldyr gjer ved hjelp av nyrene.

Portett av Marcello Malphigi. Maleri.

Marcello Malpighi

Namnet malpighiske røyr kjem frå den italienske legen og naturforskaren Marcello Malpighi. Malpighi blir rekna som skaparen av mikroskopisk anatomi, og han var den første som beskreiv .

Oversikt over utskiljing hos virvellause dyr

Eincella dyr

  • Det skjer direkte transport gjennom cellemembranen.

  • Membranblærer transporterer stoff (eksocytose).

Virvellause dyr utan eigne ekskresjonsorgan

  • Protonefridium med flammeceller skaper væskestraum som syg ut avfallsstoff.

  • Metanefridium reabsorberer nyttige stoff før avfallet blir skilt ut gjennom porer på overflata til dyret.

Virvellause dyr med eigne ekskresjonsorgan

  • Malpighiske røyr som er i kontakt med tarmen, kan reabsorbere nyttige stoff og vatn, og lage konsentrert urin.

CC BY-SASkrive av Jan Eivind Østnes og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2022

Læringsressursar

Utskiljing