Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Feltarbeid: suksesjonsprosessar i vegkanten

I dette feltarbeidet skal de undersøkje suksesjonsprosessar ved å samanlikne vegkanten ved ein veg som nettopp er bygd, med vegkanten langs ein eldre veg.
Sau beitar langs ein veg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formål

Formålet med dette feltarbeidet er å undersøkje eit plantesamfunn i ein ny (eitt år gammal) og i ein litt eldre vegkant (tre til fire år gammal) for å vurdere kvar dei er i suksesjonsprosessen.

Suksesjon med ulikt utgangspunkt

Primærsuksesjon – på berr bakke

Primærsuksesjon er den langsame utviklinga som startar når eit livlaust område blir tilgjengeleg for levande organismar. Etter kvart kan nokre organismar ta området i bruk. Dette påverkar miljøet, slik at det kan gi levevilkår for andre organismar. På denne måten blir det danna eit økosystem som gradvis endrar seg med tida.

Sekundærsuksesjon – jordsmonn er på plass

Sekundærsuksesjon er utviklinga som følgjer etter ei større forandring i miljøforholda i eit etablert økosystem. Dei nye forholda vil gi livsgrunnlag for organismar med andre miljøkrav og andre miljøtilpassingar enn dei som levde der før.

Landskap med steiner, blomster og trær. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fasane i ein suksesjonsprosess

Pionerfasen

På dyrka mark som blir liggjande brakk, vil det til å byrje med kome opp ei mengd eittårige planteartar, som linbendel og vassarve. Dette kallar vi eit pionersamfunn. Deretter kjem fleirårige plantar som balderbrå, åkerdylle, prestekrage og engkvein.

Konsolideringsfasen

Etter kvart kjem lyskrevjande små buskar av lauvtre inn (osp, bjørk og or), og dette blir ofte kalla lauvkratt. Mens lauvtrea veks opp, kjem òg små bartre opp i skogbotnen, og vi får ein blandingsskog. Denne fasen blir gjerne kalla konsolideringsfasen.

Klimaksfasen

Etter kvart vil skogen bli stabil og dominerast av bartrea, og vi har fått eit såkalla klimakssamfunn.

Utstyr

  • flora eller ark med bilete av plantar

  • blyant og papir

  • refleksvestar til alle

Framgangsmåte

  1. Finn ein vegkant langs ein veg som vart bygd for cirka eitt år sidan.

  2. Kartlegg kva plantar du finn i vegkanten. Teikn gjerne ei skisse over området og kvar du finn dei ulike plantane.

  3. Finn ein vegkant som vart bygd for tre til fire år sidan.

  4. Kartlegg kva plantar du finn i vegkanten. Teikn gjerne ei skisse over området og kvar du finn dei ulike plantane.

Resultat og svar på spørsmål

  1. Lag ei oversikt over dei ulike planteartane du fann i dei to vegskjeringane.
  2. Samanlikn dei to oversiktene du har laga. Ser du nokon likskapar eller forskjellar?

Konklusjon

  1. Gjer greie for eventuelle likskapar eller forskjellar du har sett ved å samanlikne dei to oversiktene dine.

  2. Kan du seie noko om kvar desse vegkantane er i suksesjonsprosessen?
  3. Kva slags suksesjon har vi sett her?
  4. Korleis trur du vegkantane vil sjå ut om ti år dersom dei blir liggjande urøyrde?
  5. Teikn ein illustrasjon av dei ulike fasane i suksesjonen som kan kome her.
Nybygd vegkant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Bjørg E. B. Aurebekk og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i urbane område