Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Korleis er HMS-forholda der du er?

Systematisk HMS-arbeid inneber at arbeidsgivaren skal fastsetje mål for helse, miljø og sikkerheit, kartleggje farar og problem og sørgje for systematisk arbeid med førebygging og oppfølging av sjukefråvær. Korleis står det til på skulen din og på praksisplassen der du er utplassert?
Bokstavane H,M og S i boksar, over ei pil som peikar mot høgre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1:

HMS-arbeid

Ta utgangspunkt i skulen din eller ein annan arbeidsplass du kjenner til.

  1. Gi døme på og drøft kva som blir gjort for at «det blir utført systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid på alle plan i verksemda».
  2. Kom med idéar til forbetringar av HMS-arbeidet.

Oppgåve 2:

Internkontroll

Ta for dykk belysninga i klasserommet:

  1. Er ho god nok?
  2. Er ho forskriftsmessig?

Følg fasane i forbetringsarbeidet og fordel arbeidet mellom dykk.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2017

Læringsressursar

HMS for arbeidstakeren