Hopp til innhald
Rettleiing

Utforsking i elektro og datateknologi

I naturfag skal du utforske ei problemstilling knytt til elektro og datateknologi. Lag ei problemstilling, gjer undersøkingar og presenter kva du har funne ut.

Finn ut saman kva de skal utforske

Det er vel mest spennande å utforske noko du eller de i klassen sjølv har lyst til å finne ut? Når de skal finne ei problemstilling sjølv, er det lurt å bruke god tid på å finne ut kva denne problemstillinga skal vere.

Slik kan du jobbe utforskande

Denne sida gir deg tips til korleis du kan kome i gang med utforsking, og korleis du kan leggje opp arbeidet.

Ta utgangspunkt i viktige tema i elektro og datateknologi

Lag ei problemstilling som tek utgangspunkt i sentrale tema i elektro og datateknologi, men der du treng kunnskapar og ferdigheiter frå naturfag:

  • Korleis kan produksjon, bruk og avfallshandtering av produkt og komponentar påverke klima og miljø?
  • Korleis kan energiløysingar og teknologi bidra til å redusere klima- og miljøbelastningar?
  • Sjå på ulike former for produksjon, lagring og overføring av elektrisk energi. Kva konsekvensar for klima og miljø har dei ulike formene?
  • Kjenner du til problemområde eller utfordrande oppgåver/operasjonar i det framtidige yrket ditt? Kanskje du kan arbeide med forslag til løysingar som kan forbetre eller forenkle situasjonen/arbeidsprosessen?

Forslag til utforskingsoppgåver

Samarbeid med bedrifter eller kommunen

Å utforske med utgangspunkt i eit oppdrag kan vere motiverande. Ta kontakt med lokale bedrifter eller kommunen. Kanskje dei treng hjelp til å finne ut noko?

På sida til Lektor 2 Naturfagsenteret finn de mange døme på oppdrag, både frå offentlege verksemder og private bedrifter. Oppdraga kan brukast som dei er, eller som inspirasjon til å lage eigne oppdrag. Ta kontakt med lokale aktørar. Kanskje de kan få til eit samarbeid?

Lag oppdrag sjølv

Viss de ikkje får nokon utanfor skulen til å gi dykk oppdrag, kan de lage oppdrag til kvarandre. La nokon ta rolla til leiinga i ei bedrift. Desse lagar eit oppdrag som andre i klassen skal løyse. Legg opp dette så realistisk som mogleg, med oppdragsbrev, møte med rapportering undervegs i prosessen og ein sluttpresentasjon når utforskinga er avslutta.

Opplegg på NDLA

I dette emnet ligg nokre forslag til opplegg. De kan bruke dei som dei er eller lage ei eiga vinkling på dei.