Hopp til innhald
Oppgåve

Den samiske nasjonaldagen

I arbeid med barn og unge skal samisk kultur synleggjerast. Korleis vil du jobbe med samisk kultur og feire den samiske nasjonaldagen i barnehage og SFO?

Lag ein plan

Lag ein plan for barnehage eller SFO, vel sjølv alder på barna. Målet er at barna skal få kjennskap til samisk kultur i samband med den samiske nasjonaldagen. Jobb gjerne saman i grupper. Bruk relatert innhald til inspirasjon.

Beskriv

  • kor lenge de har tenkt å jobbe med temaet

  • kva de heilt konkret vil gjere (innhald)

  • korleis de vil gjennomføre det (arbeidsmåtar)

  • kvifor de vil gjere det på denne måten (mål)

  • korleis de vil dokument at de arbeider med dette temaet i barnehagen eller SFO

Presenter planen for resten av klassen. Bruk gjerne PowerPoint i presentasjonen slik at de kan leggje inn ulike bilete som viser innhaldet/aktivitetane de har valt.

Relatert innhald